– Dette som me no opplever er ei kriseløysing for ekstraordinære tide, skriv Margit Dale i svar til Vidar Udjus i Fædrelandsvennen. (Foto: Privat)

Margit Dale (Sp) om straumstøtte: Svar på Vidar Udjus sin kommentar

I ein kommentar i FVN torsdag 29. september skriv politisk redaktør Vidar Udjus at «den siste debatten i Valle kommunestyre viser at det er rett å ta penger fra rike kraft kommuner». Udjus sin spissformulering er eit typisk døme på argumentet som ikkje gjev støtte til konklusjonen.

All politikk er eit spørsmål om prioriteringar. Uavhengig av kor midlane kjem ifrå. Nokre kommunar prioriterer dyre kulturhus eller badeanlegg, andre gratis SFO eller tilskot til aktivitetar. Framlegget i Valle handla om ekstraordinær stønad til høge straumkostnader og insitament til energieffektiviserande tiltak. Det kan ein vere einig eller ueinig i, men det var ein kurant sak å handsame. Når Udjus skriv at «ordføreren satte ned foten» så var det ikkje for stønaden han sat den ned. Han tok ifrå dei folkevalde moglegheita til å handsame saka. Og det var mangelen på demokratisk sinnelag som gjorde meg flau på ordførarens vegne.

Har kome storsamfunnet til gode

21. november 1900 kom straumen frå Setesdal til Kristiansand. Ironisk nok tok det om lag 50 år før ein fekk straum i husa i Valle og Bykle. Vasskraftutbygginga har kome storsamfunnet til gode, men kostnadane har vore store for kraftkommunane. Grendesamfunn har vore demd ned og naturen øydelagd. Ulempene slit me med den dag i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Økonomisk kompensasjon

Når Udjus skriv om rike kraftkommunar som øydsler og fattige kommunar som må spinke og spare, så gjer han det utan kontekst. Kraftkommunanes inntekter er ikkje gratis pengar. Når inngrepa vart gjort var det med lovnad om økonomisk kompensasjon og arbeidsplassar. Pengane skulle gje noko tilbake til samfunnet og innbyggarane, og arbeidsplassane skulle sikre framtida. Arbeidsplassane har forlengst forsvunne. No er økonomien truga. Dei færraste set pris på løftebrot.

Arbeidsplassar blir borte

Kraftinntektene frå Setesdal kjem ikkje berre dei små kommunane i Setesdal til gode. Dei fylgjer Otra ned til kysten. Kven som treng dei sårast kan ein sjølvsagt diskutere. Min heimkommune er prega av fråflytting, aldrande befolkning, arbeidsplassar som forsvinn og ei stadig sentralisering av tenester. Utfordringane gjer at den politiske dagsorden ikkje berre handlar om kommunale tenester. Den handlar om å snu utviklinga. Om gjere kommunen så attraktivt at den tiltrekk seg nye innbyggarar og verksemder.

No er det kriseløysing

Senterpartiet sit i regjering og dei veit kva for utfordringar distrikta slit med. Eg er difor trygg på at dei kjem til å kjempe for at kraftinntektene vert verande i kommunane i framtida, og at dette er ei kriseløysing for ekstraordinære tider.

Margit Dale

Kommunestyremedlem Valle SP