Med hjarte i heile Bygland

Framlegget til samfunnsdelen i den nye kommuneplanen for Bygland kommune, som i desse dagar blir lagt ut til offentleg høyring, er på mange måtar interessant lesing. Det har eit lesarvenleg oppsett, fine bilete - og språkleg sett er det ei nyting å lese.

Planen lyfter fram Bygland som ein vakker og god kommune å leve og bu i og set opp nye mål og virkemidlar for å vidareutvikle desse kvalitetane. Dei ulike satsingsområda skal drøftast i perspektiv av næringsutvikling, folkehelse/levekår og klima/miljø.

For at ikkje planen skal bli ståande som eit ”Draumkvad”, treng han meir kjøt på beina i form av konkrete tiltak, noko som venteleg vil bli meir utdjupa under arealdelen.

Vil ta vekk Ose

På eit område er utkastet likevel klinkande klårt og konkret – med eit pennestrøk vil styringsgruppa for planen ta vekk Ose som bygdesenter og i staden berre satse på Bygland og Byglandsfjord. At ”levande bygdelag” skal erstatte statusen til eit bygdesenter, er langt frå tilfredstillande, og å stryke Ose frå dette kartet, er etter mi meining både kunnskaps- og historielaust. Dette vil eg grunngjeve med fylgjande:

Geografisk er Bygland ein langstrekt kommune, heile 4 mil frå Langeid til Vassend. Ved å ”sentralisere” busetnaden etter folketalet, som planen legg opp til, vil det meste av den øvre delen av kommunen etter kvart bli definert som utkant, noko som kommunen på sikt slett ikkje er tent med, ei heller innbyggjarane.

Autentiske bygningar

Ose og Byglandsfjord rammar på ein måte inn kommunen. Som knutepunkt for transport og reiseliv har desse to bygdene lange tradisjonar med stor historisk verdi. At Bygland, med kommuneadministrasjon og plassering midt i kommunen, er eit natturleg sentrum, er det vel brei semje om. Det er likevel på Ose og Byglandsfjord at ein finn dei autentiske bygningane med størst kulturell og historisk verdi – ikkje minst etter vedtaket om å rive den gamle prestegarden på Bygland. Difor bør desse bygdene få ein sentral plass i den nye kommuneplanen.

Dugnadsånd

Ose har gjennom mange år vist seg svært veleigna for ulike kulturelle aktivitetar - takka vere m.a. eit funksjonelt grendehus, Turistheimen, Stor-stoga, Ose Ullvare og ikkje minst ei uvanleg god dugnadsånd. I tillegg har Reiårfossen Camping heilt sidan 1950-talet tiltrekt seg store mengder turistar frå inn- og utland som, særleg i sommarhalvåret, har vore med å prege bygdesamfunnet.

Kan fort snu seg

Det er for tida liten fast busetnad på Ose. Dette kan endre seg og bør ikkje vere avgjerande for statusen til bygda. Med Ose Water under utvikling og ny reguleringsplan for Ose og bygdelaga rundt på trappene, kan situasjonen etter kvart vere ein heilt annan.

Mi oppfordring til innbyggjarane i Bygland kommune er å nytte høyringsperioden til å gje kommunepolitikarane gode innspel som fremm-ar auka busetnad, kulturell og historisk identitet og gode levekår i alle delar av kommunen – framleis med Ose som bygdesenter.

Torhild Austad