Meir brukt under joletreet

Me går inn i eit tid kor både butikkar og media køyrer hardt på med reklame og kampanjar for ulike jolegåver. Det skal vere noko til alle; ungane, mor, far, tante, bror, syster, venninne, kollega, nabo og svigerfar. Kanskje skal også kjæledyra få ta del i pakkebonanza på jolekvelden.

Ei småbarnsmor fortalde nyleg at ho hadde sendt ut melding til kjente og kjære som borna hadde fått jolegåver frå i fjor, om at dei i år helst ikkje tok i mot jolegåver frå andre enn dei heilt næraste. Ho hadde kjent seg uvel på jolaftan i fjor då hennar to små hadde opna pakke på pakke, og ikkje hadde hatt tid til å setje pris på det dei fekk før dei fekk ei ny pakke i fanget. Slik ville ho ikkje ha det i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I avisa i dag kan ein lese om Unik på Evje som har utvida bruktavdelinga etter at dei flytta inn i større lokale i sentrum. Der fortel dei at dei ønskjer eit meir berekraftig fokus. Nå kan dei ta i mot og tilby fleire, brukte klede som gjerne kan vere jolegåver eller eit nytt, second hand joleantrekk.

Samlaget kom i haust ut med ei bok med tittelen ”100 handlaga gåver”, og ved å sjå gjennom denne får ein verkeleg augene opp for kva ei gåve kan vere for noko. Forslaga gjeld gåver året rundt, men særleg i førjolstida då fokuset på å kjøpe gåver når årets høgdepunkt, er det ikkje dumt å tenke litt alternativt rundt den lange og kostbare gåvelista som for mange blir ekstra krevjande å oppfylle i år.

Ein må ikkje undervurdere verdien av tid – både tid til å lage noko til andre, gjere noko for andre, eller ha tid til ein kaffikopp og ein tørr kjeks rundt eit kjøkkenbord i førjolstida. Det mange nok heilt sikkert ønskjer seg til jol er dei gode stundene som viser at me bryr oss om kvarandre.

Kanskje er det ikkje noko dårlegare å gje noko brukt eller heimelaga til å legge under joletreet. Kanskje kan ein også spørje seg: Kva kan eg ønske meg som ikkje kostar pengar? Det finst i det heile veldig mange måtar å vise vår takksemd ovanfor gode vener, familie eller kollegaer enn ”berre” å kjøpe noko til dei. Ha ei fin førjolstid!