Nasjonaldag til ettertanke

Dei fleste kjenner nok på ei viss glede ved at ein etter eit par års fråver igjen kan feire nasjonaldag her i landet med god gammaldags folkesamling. Pandemien gav oss noko å tenke på då det både i fjor og året før nærma seg 17. mai. Dei eldste tala om at det var som under andre verdskrigen då det ikkje var lov å møtast på det som tradisjonelt har vore den største samlingsdagen her i landet. Med smittefare vart det strenge restriksjonar som sette ein stoppar for det meste av sosiale møteplassar.

No synest ikkje det lenger å vere noko problem. I staden har me fått krigshandlingane i Ukraina såpass nær inn på livet at me kjenner ekstra sterkt det meiningslause når vår eiga nasjonaldagsfeiring nærmar seg. Det har ofte vore kjernen i talane denne dagen å takke for at me lever i eit fritt land, og ikkje minst takke dei som også i vårt land ofra livet. Dei gjorde det for at me endeleg etter fem vanskelege år igjen skulle få att fred og folkestyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

I desse dagar tek me også imot dei første ukrainarane som har kome hit til landet etter å ha flykta frå raserte byar og heimar. Russiske okkupantar har fare fram på brutalt vis etter det me ser av TV-bileta. I tillegg til dei materielle øydeleggingane, har krigen i Ukraina skilt familiar. Mennene i sin beste alder fekk naturleg nok ikkje reise ut av landet. Det har gitt både kvinner, born og eldre ekstra mykje av psykiske belastningar med på ferda når dei har søkt dekning i framandt land.

Vår sympati er med det modige ukrainske folket som overraskande sterkt synest å stå imot det ein rekna for russisk overmakt. Difor bør me med ope sinn og ei gjestfri innstilling kunne ta imot dei ukrainarane som måtte kome til våre bygder. Språkskilnadene gjer nok kommunikasjonen til ei utfordring for folk flest, men velvilje kan også kome til uttrykk på andre måtar. For når me ønskjer kvarandre lukke til med nasjonaldagsfesten, gjer den aktuelle situasjonen i Europa at me bør kjenne på at me har ekstra mykje å takke for denne gongen.