Naturvernforbundet hadde nyleg møte på Bygland for å få i gang eit lokallag i Setesdal. Foto: Karin Bøe

Naturvernforbundet vil ha lokallag i Setesdal

Naturvernforbundet i Agder hadde i mai møte på Stoga i Bygland, for å prate om natursaker - og med mål om å starte opp eit lokallag i Setesdal.

Naturvernforbundet registrerer stor og aukande interesse i heile Agder og har no passert to tusen medlemmer i fylket. Me merkar eit aukande ønske og behov for å verne naturen og artsmangfaldet.

I samband med dette er naturavtalen eit viktig utgangspunkt for arbeidet vårt. Naturvernforbundet har ikkje tidlegare hatt lokallag i Setesdal, og difor har me ikkje kunna ivareta våre interesser i denne delen av Agder.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er det oppretta eit interimsstyre for å danne lokallag i Setesdal. Det skal dekke kommunane Evje og Hornnes, Valle, Bykle og Bygland, med formell oppstart frå hausten. Dette vil gi lokale naturinteresserte høve til å få hjelp og støtte til natursaker dei er opptekne av.

Me har oppretta ei eiga side på Facebook med namn Naturvernforbundet Setesdal. Følg oss gjerne!

Helsing

Fylkesstyret i Naturvernforbundet ved Peder Johan Pedersen