(Foto: Knut Olav Uppstad)

–No er (farts)grensa forbi Ose nådd!

Like sikkert som Hovmesteren viser seg på NRK veslejulaftan, kjem ei oppfordring og bøn til Vegvesenet i forkant av påska frå lokalbefolkninga i Austad sokn om nedsett fartsgrense forbi Ose.

I mange år har privatpersonar, lokale grupper – støtta av underskriftskampanjar – og Bygland kommune teke opp saka med Vegvesenet – så langt til ingen nytte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Argumenta er velkjende og treng ikkje takast oppatt, men nokre av dei veg tyngre enn andre og krev etter vår meining ei ny vurdering av vegmyndigheitene.

Vi er alle glade for den opprustinga Rv 9 gjennom Setesdal har fått i dei siste åra, og som om ikkje altfor lenge skal vere gjennomførd med gul stripe til Hovden. Det aukar trafikksikkerheita og reduserer reisetida til dei mest populære reisemåla.

Livsfarlege avkøyrsler

Men så er det slik at langs denne vegen er det òg ein del av- og påkøyrsler, meir eller mindre oversiktlege. Forbi dei fleste av desse er farten på Rv 9 redusert, men ikkje ved Ose.

Av- og påkøyrsla til Austad, Heistad, Sordal og Åraksbø er livsfarleg, det same gjeld Ose sentrum!

Vi som dagleg ferdast på desse strekningane, registrerer ein tydeleg auke i trafikken; dette gjeld særleg torsdag-, fredag- og sundagettermiddag /kveld og har nok samanheng med auka utbygging av fritidsbustader i Brokke og på Hovden. Vi merkar oss òg stadig høgare fart og meir aggressiv framferd hos ein del sjåførar, noko som òg resultata frå fartskontrollar opp- og nedover dalen viser.

Dei mjuke trafikantane

Så ille har det blitt at enkelte i lokalmiljøet unngår å bruke bilen på desse tidspunkta. Då kan ein lett førestille seg korleis mjuke trafikantar opplever situasjonen – for ikkje å tale om småbarnsforeldre som med hjarta i halsen veit at borna i blant må krysse Rv 9 i 80 km/t ++. Og vi spør oss: Kan det vere rett at enkelte grupper får redusert sin rørslefridom for at andre skal vinne nokre minutt på å nå sine destinasjonar?

Krev redusert fart

No krev vi at Vegvesenet tek konsekvensen av desse åtvaringane som alle her i lokalmiljøet står bak, og reduserer farten på vegstrekninga Reiårfossen – Ose / Viki – ikkje berre i høgtidene, men gjennom heile året. Det fører ikkje til budsjettauke, men kan spare menneskelege tragediar.

Om vi ikkje heller denne gongen når fram, må vi rekne med at tidlegare svar frå Vegvesenet framleis er gjeldande:

Artikkelen held fram under annonsen.

• «Dei fleste tek ikkje omsyn til den type skilting.»

• Etter overlevering av 350 underskrifter: «Vi bryr oss ikkje om kva folk flest meiner.»

Vi ynskjer alle ein trygg påskeutfart og eit godt opphald i vakker setesdalsnatur.

Torhild Austad

Dreng Ose

Anne Løyland

Bergljot Heistad

Ove Austad

Artikkelen held fram under annonsen.

Morgan Igland

Elin Austad

Kim Robin Austad Bjørnbakk

Tarjei Austad Igland

Tor Austad Bjørgum