–Spørsmålet om korleis vi skal få turistane til å stoppe i bygda har vi stilt i åresvis, og no har vi endeleg fått eit initiativ som kan bidra til dette, skriv innsendarane. Kartet viser dei planlagde bubilparkeringsplassane på Prestneset i Bygland.

– Nokre avklaringar rundt Prestneset

Det blir stilt ein del spørsmål rundt prosess og interessekonfliktar på Prestneset. Vi freistar her å kome med nokre avklaringer.

Prestneset er omfatta av ein reguleringsplan. Den er politisk vedteken før vår tid i politikken. Når det kjem eit privat initiativ i tråd med ein godkjend reguleringsplan, er det administrasjonen som handsamer saka. Politisk får vi saker som dette opp kun som ei referatsak. Så når Jan Olsen hevder at dialogmøtet vart inkalla til etter at saka var avgjort i formanskapet, er det ikkje riktig. Ei referatsak er ikkje ei politisk behandling, det er kun til orientering.

I utgongspunktet så er ikkje dette ei sak som skulle opp på politisk nivå. Men ettersom vi regsitrerte at reguleringsplanen i liten grad tok fleirbrukshensyn til andre aktivitetar på Presteneset, og tilbakemeldinger om at det lugga litt i dialogen mellom dei ulike interessene tok nokre av oss initiativ til om vi kunne få til eit dialogmøte. Dette var tenkt som ein dialog mellom utbyggar og representantane frå dei ulike initiativa i område, som båtforening, 4H, Brygga, Gamaveka osb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ope informasjonsmøte

Utbyggar ynskte ikkje eit lukka dialogmøte, og valde heller på eige intiativ å kalle inn til eit ope informasjonsmøte der alle som ville kunne kome med innspel.

Møteformen var i utgongspunktet litt i fri form, då initiativet enda opp som privat, men Jørund Kvaale Hansen og Vigdis Beisland tok på seg rolla med å styre ordet. Det var presisert i starten av møte at dette ikkje var noko partipolitisk initiativ.

Politikarar frå alle parti møtte likevel opp for å lytte til innspela som kom, og administrasjonen var og der for å kunne svare på eventuelle saksbehandlingspørsmål.

På møtet kom det følgande innspel:

Bubilparkeringa ved pumpehuset måtte ikkje kome i vegen for at ein greit fekk snudd og kome til slippen med båthengar.

Det var ynskjeleg at ein med bil kunne kome til båtplassane på nordsida av båthamna.

Bubilplasseringane rett foran gapahuken til 4H var ugrei. Den tek opp dei mest brukte parkeringsplassane for badegjestane, og beslaglegg eit mykje brukt område «midt i gryta» som bygdefolket bruker mest.

Det kom innspel på om ein heller kunne bruke den nye opparbeida plassen ved rundkjøringa til bubilparkering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heia svara då at det var noko ein kunne sjå på i neste omgong. Området er på sikt tiltenkt andre formål.

Det var stilt spursmål med om avtalen som var gjort var i tråd med reguleringsplanen. Administrasjonen svara at det var i tråd med reguleringsplanen slik dei tolka den.

Møtet hadde godt oppmøte, og dialogen var konstruktiv, med innspel på konkrete utfordringar og hensyn som måtte takast.

Det var forøvrig ingen innspel på at det overordna ikkje var foreineleg med bubilar og bygdefolkets aktiviteter. Men vi tenker det hadde vore ynskjeleg at dei som no engasjerer seg i Setesdølen mot prosjektet også hadde vald å møte på dette dialogmøtet, så hadde kanskje dei innspela kome.

Legge til rette

I kommunestyret like etter løfta vi ei dispensasjonssak frå Heia «over bordet». Dette var ikkje for å bedrive kameraderi eller skjule dårleg sakshandsaming slik Olsen hevdar. Men det var for å legge til rette for fleirbrukshensyna til bygdefolket utifrå innspela som kom på dialogmøtet. Ettersom arbeidet på Prestneset allereie var i gong, hasta det med å få til endringane, så ikkje ein enda opp med dei relativt dårlege plasseringane det var teke utgongspunkt i.

Dispensasjonsaka inneheldt følgande endringar:

Ved pumpehuset flytta ein parkeringane nokre meter lenger ut, så det vart greit å kome til med båthenger på slippen.

Nordom båthamna flytta ein parkeringane litt lenger nord, så det vart greit å kome til med bil til båtplassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein flytta bort parkeringane ved gapahuken, og plasserte dei nord frå nedkjørsla, inntil steinfyllinga. Eit område som bestod av røys, ein gjørmepytt og villniss.

Det vart og stilt spørsmål i kommunestyret om saksgong var i henhold til reguleringsplan, og svaret frå rådmann var at dette var slik dei tolka reguleringsplanen, og at det også var gjort slik i andre kommunar.

Og med det har Heia fått disp til å gjere endringane som legg betre til rette for fleirbrukshensyna på Prestneset.

Prosessen

Vi registrerer at det er sendt inn ein del klager på sakshandsaminga, og det er også sendt inn ein legalitetskontroll frå politisk hald. Skulle det vise seg at administrasjonen har gjort ein sakshandsamingsfeil, må vi forholde oss til det som i alle andre saker.

At prosessen kunne vore betre er vi heilt einige i. I eit slik område burde ein gjennomført dialogmøte frå starten.

Som nevnt kom ikkje denne saka på vårt bord før etter at prosjektet var oppstarta, og vi har etter det prøvd å legge til rette for dialog, og forbetringar som i større grad legg til rette for fleirbrukshensyna.

Feilinformasjon

Til slutt ynskjer vi å påpeke ein del paradokser, feilinformasjon og overdrivingar i det kritiske ordskiftet mot prosjektet.

Olsen skriv: «Med dispensasjonen i hand, kan no etableraren av bubilcampen strø ut 16 bubilar kor han måtte finne det for godt, på det tidlegare friområdet.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er å feilinformere lesarane av Setesdølen. Det er tal om at byglendingane mister 9 eksisterande parkeringsplassar lengst nord i området, som vert merka og nytta til bubilparkering.

Det kjem påstandar om at bygdefolket vert fordrive frå friområdet, og at det kan føre til at folk flytter frå kommunen.

I grannekommunen sør for oss nyttar bygdefolket to populære badeplassar: I vika kloss inntil Odden Camping, ein stor campingplass. Og på Hornnestangen, også der kloss inntil ein stor campingplass. Der lever dei i fred og fordrageleghet, men i Bygland meiner ein altså at folk blir fordrive, sluttar å nytte området, og flyt frå kommunen avdi det kjem nokre campingbilar i nordenden av friområdet?

Det kjem lukt frå tømmestasjonen og støy frå bubilturistane.

Tømestasjonen låg tidlegare vegg i vegg med Shell, der folk nøyt pølser og burgarar. Det var ingen problematikk der, og me tviler på det blir det med ein tømestasjon heilt nord på Prestneset heller. Med skrik og skrål frå badande ungar, småbåtar og livlige byglendingar på Brygga, tviler vi på at bubilturistane klarer å tangere desibela frå lokalbefolkinga.

Eit område for alle

Prestneset er, og kjem fortsett til å vere eit område for alle. Både lokalbefolkning og tilreisande. Vi er overtydd om at byglandingane vil sjå at dette er eit tilskot til fleirbruken av området som kjem til å fungere heilt fint. Og at neppe bygdefolket flyt ut av kommunen eller kvir seg for å bruke Prestneset slik som dei alltid har gjort.

Bygland kjem dårlegast i landet på statistikk over privat næringsliv, og det har vore eit mål å få til auka satsing på turisme i Bygland. Det har samtlige parti gått til val på. Spørsmålet om korleis vi skal få turistane til å stoppe i bygda har vi stilt i åresvis, og no har vi endeleg fått eit initiativ som kan bidra til dette.

Eit einstemmig vedtak i kommunestyret viser at dette er noko det er brei politisk vilje til å få til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med helsing

Runar Granheim og Jørund Kvaale Hansen.

-Som begge er hyppige brukarar av friområdet på Prestneset