Sissel Åkre i Valle ynskjer at kunsten etter Olav Bjørgum blir ”henta heim”.

Olav Bjørgums kunst til Setesdal

Den store kunstnaren Olav Bjørgum døydde tidlegare i år. Familien vil gje både verkstad og trykkplater som gåve til Setesdal.

For meir enn ti år sidan, og på ny i 2019 som forslag frå Venstre i fylkestinget, kom eit ynskje om å lage ei permanent Olav Bjørgum-utstilling ved Setesdalsmuseet. Gjerne med plass også til andre kunstnarar. Men saka har ennå ikkje kome opp til handsaming. No hastar det. Etterkomarane har selt huset Olav Bjørgum hadde i Gvarv, det er for stort å sitje med. Setesdal og Agder har ein gyllen sjanse til å hente kunsten «heim», til glede for både setesdølar og langvegsfarande. Setesdalsmuseet er positive!

Stor merksemd

Olav Bjørgum var representert med bilete under Bykle og Valle kunstlag si utstilling i Valle Handel i sommar. Dei fekk stor merksemd, og mange etterspurde ein stad i kommunen, der ein kunne sjå fleire av hans bilete. Denne gåva må me ikkje skusle vekk! Eg oppmodar Valle kommune, Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet/Aust-Agdermuseum og arkiv til straks å setje seg ned og finne ei god og framtidsretta løysing. Setesdal fortener det, heile landet fortener det – og det vil styrkje opplevinga av den velfortente UNESCO-statusen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyremedlem

Sissel Åkre, Valle Venstre