-Folk set umåtleg pris på at Karin Bøe stod opp for ungdommar og foreldre som vil halde på tradisjonen med å bli konfirmerte i den kyrkja der hylstringar hev vorte konfirmerte i hundrevis av år, skriv Åge Rysstad.

Om å sparke ein kyrkjetenar

Eg hev vorte oppringa av fleire som tykkjer det er heilt forferdeleg det som kjem fram i eit oppslag i Setesdølen torsdag den 25. mai i år om at Karin Bøe hev vorte sparka frå si stilling som kyrkjetenar i Valle og Hylestad sokn.

Folk set umåtleg pris på at Karin stod opp for ungdommar og foreldre som vil halde på tradisjonen med å bli konfirmerte i den kyrkja der hylstringar hev vorte konfirmerte i hundrevis av år. Her hev Karin vist stor omtanke for sine medmenneske og gjort alt i beste meining. Det er då eit sterkt ynskje om at det blir skriva eit brev til soknerådet som oppfordrar dei til å tenke seg om med kva for signal dei sender ut med denne oppseiinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nyttar ikkje med brev

Diverre hev eg måtta seie til alle som hev ringa meg at det er nyttelaust å freiste å nå fram til Valle og Hyle-stad sokneråd med noko brev, for det prøvde me på tidlegare i år. Eg levera personleg eit opprop frå An-na Rysstad med 112 underskrifter til soknerådsleiaren den 7. januar 2021 og spurde om dette kunne leggjast fram for dei folkevalde i soknerådet på neste møte som skulle vere den 26. januar 2021. Eg følte nok der og då at dette ikkje fall i god jord, men me rekna no med at det uansett vart teke opp som ei sak på komande soknerådsmøte. Det gjorde det imidlertid ikkje.

Vil ikkje svare

Oppropet vårt stoppa i soknerådets arbeidsutval beståande av soknerådsleiar, nestleiar og prost. Sjølv om soknerådsmedlemmer som hadde høyrt om oppropet, spurde om å få sjå brevet, så vart det ikkje då heller lagt fram for soknerådsmøtet.

Etter ei tid fekk me lese referat frå soknerådsmøtet den 26. januar 2021 der det stend skriva: ”Det pågår ein underskriftskampanje, men folk veit ikkje kva dei skriv under på. Det er levert ei underskriftsliste, men denne skal ikkje leverast ut til soknerådet. Soknerådsleiar skal sende ei tekstmelding til Anna Rysstad og informere om at soknerådet ikkje vil svare henne meir enn det som arbeidsutvalet har sendt til Se-tesdølen.”

(Sjølvsagt las alle gjennom oppropet før dei skreiv namnet sitt.)

Stangar hovudet i veggen

Referatet kan lesast i si heilheit på valle.kyrkja.no som er kyrkja si heimeside.

Ein må vel seie at dei nasjonale koronatiltaka er som middels hovudverk til samanlikning med korleis ein stangar hovudet i veggen mot sakshandsaminga i Valle og Hylestad sokneråd.

Med venleg helsing

Åge Rysstad