– Presteneset har i over 40 år vore friområde for dei fastbuande på Bygland, skriv Jan Olsen i dette lesarinnlegget.

Privatisering av friområde på Bygland

Spørsmål til Ap-ordførar Runar Flåt Granheim.

Det ser ut til at ordføraren i Bygland, Runar Flåt Granheim frå AP, må ha spursmål direkte, for å nedlate seg å svare i lokalavisa. I lokalavisa kan også dei som ikkje er «på nett» kan få sjå kva slags privatiserings-politikk han driv med i Arbeiderpartiet sitt namn.

I møte 8. mai vedtok eit samrøystes kommunestyre å privatisere Presteneset på Bygland. Presteneset har i over 40 år vore friområde for dei fastbuande på Bygland, folk som ordføraren sitt parti yndar å kalle «vanlege folk». Desse «vanlege folka» la i starten ned eit stort dugnadsarbeid på området, og har seinare hatt det som sitt felleseige.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har ordføraren og Bygland AP vore med på å privatisere området og gjere det til næringsområde. No skal det vere bubil-camp. Eg trur ordføraren undervurderer kor mange «vanlege folk» på Bygland som no er klare til å gå på barrikadene for friområdet sitt.

Positiv sak for brukarane?

Med utgongspunkt i oppslag i Setesdølen 16.mai, vil eg spyrje ordføraren om fylgjande:

1. I strid med reguleringsføresegner er ordføraren med på å gjere om eit friområde til næringsområde. Mange stiller spursmål ved om det i det heile teke er lovleg. Korleis forklarer ordføraren at «dette er eigentleg ei lita dispensasjonssak»?

2. Kven reiknar ordføraren som brukarane av Presteneset, og kvifor meiner han at det er positivt for desse å få plassert 16 bubilar på området?

3. Det har vore 5 arbeidsdagar sidan kommunestyret ga utbyggjaren samrøystes dispensasjon. Likevel er det enno ikkje mogeleg å finne dokumenta i saka på kommunen si heimeside. Men ordføraren kan sikkert forlare oss.

Reguleringskartet syner tre område, SPA1, SPA2 og SPA3 der det kan bli stilt opp bubilar. Er det framleis, etter at dispensasjonen er gjeven, berre desse områda som utbyggjaren kan nytte, eller kan bubilane stå kor som helst der utbyggjar finn plass.

4. Teknisk etat i Bygland er ansvarleg for vegen på Presteneset som er ein offentleg veg. Vegen skal ha godkjend snuplass. Har teknisk etat godkjent nokon plan frå utbyggjar over kor 16 bubilar skal stå?

5. Noko av det som fastbuande barnefamiliar set pris på, er at dei kan parkere nære stranda på Presteneset, når dei kjem med alt sitt pikk og pakk. Dersom det står 16 bubilar på Presteneset, kor mange barnefamiliar kan då parkere bilane sine? (Eg reiknar med at ordføraren ut ifrå kartmaterialet enkelt kan reikne det ut).

Artikkelen held fram under annonsen.

Jordalsbø, 20. mai 2024

Jan Olsen, varslar om politisk overgrep mot dei fastbuande på Bygland.