– Skjebnemøte for Ose Turistheim

Nok ein gong, og truleg den siste i overskueleg framtid, skal eigarforholdet til Ose turistheim drøftast og avgjerast i Bygland kommunestyre. Dette skjer onsdag 15. juni, og for at det ikkje skal vere nokon tvil om habiliteten, er møtet lagt til vår tidlegare koloniherre, Danmark.

Framføre meg sit eg med ei bunke sakspapir og avisinnlegg, dei eldste frå 2011. Minst ei gong i kvar kommunestyreperiode har Turistheimen vore på sakskartet, og framlegget frå rådmann/kommunedirektør har kvar gong vore det same: Ose turistheim er for dyr å drifte og vedlikehalde for kommunen – det vil koste minst 2 millionar kroner å setje den i stand (summen er ikkje dokumentert og heller ikkje endra gjennom åra). Konklusjon: Private må overta!

Med eit naudskrik har politikarane kvar gong redda det kommunale eigarskapet, stort sett med ei stemme overvekt. Kva har så skjedd? Ingenting – bortsett frå at Signe Røinås & co med ei leigekontrakt på 3 månader av gongen har gjort Ose turistheim til den mest populære serveringsstaden i heile Bygland med kundar frå Hovden til Kr.sand – og ikkje minst frå lokalmiljøet. At leigetakarane i blant har måtta leite fram midlar frå eiga lomme, viser òg deira vilje og evne til fleksibilitet og rausheit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har endra syn

Eg hadde aldri trudd at eg skulle endre syn og støtte privat overtaking, men etter mykje grubling står eg der no. Prinsipielt meiner eg at den type bygg med stor kulturhistorisk verdi, som Turistheimen representerer, bør vere i offentleg eige, men slik eg no ser det, har kommunen i årevis svikta sitt ansvar og si oppgåve i tråd med politiske vedtak. Det ser heller ikkje ut som kommunen vil ta innover seg at kultur kostar - og at kultur i utkantane er ein styrke for heile kommunen.

Meir og meir ser vi at turistane søkjer mot det autentiske på sine reiser i inn- og utland, og kvar finn ein vel meir av det i Bygland kommune enn nett på Ose, som også har stort utviklingspotensiale. Eg tykkjer òg kommunen er unnlatande når dei ansvarlege ikkje ser Turistheimen i eit samferdsleperspektiv - noko det har vore jobba med i årevis, også i samarbeid med avd. Setesdalsmuseet. Så vidt eg hugsar, står kommunedirektøren ansvarleg for eit reiselivsprosjekt med Bjoren i sentrum. Turistheimen som endestasjon for Bjoren må vel vere ein naturleg del av eit slikt prosjekt. Informasjon m.a. om det prosjektet og samarbeidet med fylket og museet saknar eg i sakspapira for komande kommunestyremøte.

I det store og heile er saksførebuinga eit tydeleg «pro-salg» utan drøfting av noverande eigarforhold, som òg er eit alternativ. Kva får politikarane konkret vite om kommunen sine krav og avtalen med eventuell ny eigar?

No skal ein vere varsam med å selje skinnet før bjørnen er skoten, men alle prognosar peikar vel mot at det blir eit eigarskifte på onsdag. Eg har stor tiltru til aktuell kjøpar og er sikker på at han vil gjere sitt ytterste for å utvikle og vidareføre Ose turistheim i tråd med årelange tradisjonar og gjeldande forskrifter. Då håpar eg òg at kommunen vil kjenne sitt ansvar som eigar av Storstoga og legge til rette for at desse to bygningane på enkelte område kan samarbeide og utfylle kvarandre.

Austad 12.06.22

Torhild Austad