Skulerapporten i Bykle: – Eit hjartesukk

No kan eg ikkje sitje stille lenger. Kven kan godtaka at bygda mi, som eg er så glad i, skal bli styrt av eit «bygdedyr» som ikkje vil alle innbyggjarane på denne vesle plassen vel. Og «bygdedyret» har no rørt på seg og stempla ein flokk av vaksne og born for løgnarar.

Utgangspunktet er rapporten som Kontrollutvalet og revisjonen i Bykle kommune har laga og presentert i kommunestyret. I samband med dette hadde media oppslag om at 12 elevar/familiar har flytta/vil flytte frå kommunen p.g.a. at elevar ikkje har blitt godt nok ivaretatt i skulen. Rapporten er laga ut i frå intervju, lesing, rapportar etc. Og den må me stole på. Og om det er 12 eller 8 eller? born som har blitt mobba/utestengt, så er det for mange. Uansett er det ein realitet for dei det gjeld.

Og berre dei kan seia kva som er sant.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stempla som løgnarar

No blir dette sagt på bygda: «Det er ikkje så mange born som har blitt mobba. Dei andre hadde foreldre som ville at dei skulle seia det.» Kva er dette for noko tull? At nokon er løgnarar? Kven har ei slik rolle i dette bygdesamfunnet at dei veit betre enn dei det gjeld? Eg berre spør.

Dessutan: «Foreldre kjenner seg ikkje igjen i rapporten som Kontrollutvalet og revisjonen i Bykle hadde laga.»

Kvar er empatien?

Så flott at så mange ikkje kjenner seg igjen i rapporten. Og sjølvsagt er det slik. Dei fleste har ein grei skulegang og taklar ting. Men kvar er omsorga og empatien med dei som har opplevd det annleis? Dei som verkeleg har hatt det vondt. Kvar er solidariten med desse borna med ein oppvekst som blei noko anna enn dei hadde tenkt? Fordi skulen ikkje skjøna eller ikkje ville forstå eller ikkje hadde kompetanse til å gjere noko med det.

Plass for alle

Det skal vere plass for alle i norsk skule, seier Opplæringslova. Du for ei utfordring! Og lærarar skal ha ros for jobben dei gjer. Men lærarane treng tydeleg leiing og tillit. Bykle med sin gode økonomi kan byggje opp landets beste skule.

Og landets beste skule er skulen der alle føler seg trygge og der alle er inkluderte. For det er trygge elevar som greier å inkludere, og då er det ikkje mobbing i den elevflokken. Og trygge elevar lærer!

Utanforskap

Mobbing i skulen blir brukt som grunn til flytting. Ein tenkjer med ein gong på slag og spark og spytting og SMS-dritt og rop og sjikanering. Men utenforskap, krenking og usynleggjering er også mobbing.

Og denne mobbinga er kanskje vanskelegare å få auge på, tru på og akseptere. Kven kan vite det anna enn barnet sjøl? Då må barnets stemme bli høyrt. Og det må vere rom for å kunne seie i frå og bli trudd. Tiltak skal setjast i gang. Aktivitetsplanar skal lagast og evaluerast. Nye forsøk dersom det ikkje vert betre! Og dette seier lova!

Trur ikkje på borna

I staden har elevar fått høyre : «Du må bruke dine eigne ord.» Underforstått: « Eg trur ikkje at du snakkar sant. Det er mor eller far eller? som du hermer etter.» Eleven tenkjer kanskje då: «Til og med det eg seier er ikkje bra nok. Då teier eg heller stille.» Er det slik me skal utstyre borna vore til å bli robuste og sjølvgåande menneske som skal styre landet inn i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har ein jobb å gjere

Kommunen og bygda har ein jobb å gjere. Ingen går til så drastisk skritt som å flytte eller ta eleven ut av skulen for moro skuld. Tenk om Bykle kommune no kunne ta kontakt med desse det gjeld, og ta ein samtale. Kva var det som gjekk så skeis? Kanskje ei beklaging også hadde vore på sin plass. Det hadde gjort noko med omdømmet for kommunen som kommunestyre og ordførar var så opptatt av i møtet eg høyrde frå på telefonen.

Samarbeidsklimaet

Så er det skulen sin jobb å byggje opp tillit og relasjon og godt samarbeidsklima med både foreldre og born, både «dei me ikkje likar og dei me likar». « Me er her for dykk.» Og kanskje beklage: « Eg lei for at..» Varme og raushet og aksept. Då kjem ein lenger enn at skulen veit best: Foreldre får ikkje innpass. Eleven blir ikkje spurd. Eleven blir ikkje etterlyst! Kanskje glad for at dei er vekk?

Dette er ein jobb som leiinga på skulen må ta tak i. Det er lovbrot å ikkje gjere det.

Dei fleste foreldre har eit greitt forhold til skulen, og elevane trivest der. Det er veldig bra. Men det utelukker ikkje at desse heimane også kan forstå at nokon har andre opplevingar. Og alle har like stor rett til å bli tatt på alvor og bli vist omsorg. Og så må bygda, foreldre, elevar og kommune jobbe saman med skulen for å gjere denne jobben: gjere det bra for alle. Me må kunne møte kvarandre i kvardagen og vere gode menneske både små og store sjølv om me er ueinige. Me er i same båt.

Anne Margrete Bjåen