Sparebanken Sør har gåvestrategi

I Setesdølen 9. februar kan Sparebanken Sør sole seg i glansen frå eit flott dugnadsprosjekt for å få opp nytt bedehus på Evje.

Frå banken har det nye bedehuset fått ei gåve på 100 000 kroner som skal brukast til lyd og bilete. Ein kan få inntrykk av at Sparebanken Sør er ein folkeleg bank som deler ut milde gåver til alt som er gildt og greitt. Så er ikkje tilfelle. Sparebanken Sør er ein kynisk pengemaskin, som bruker gåver til å skaffe seg endå større overskot. Difor har banken, i fylgje den sjølv, ein gåvestrategi. Denne strategien går ut på at dei som skal nyte godt av banken sine gåver, må vere innanfor banken sitt marknadsområde. Det finst heilt sikkert andre konsern enn Sparebanken Sør som har ein form for gåvestrategi, men dei har i alle fall vett og anstendighet til å halde kjeft om det.

Gåvestrategi?

Gåvestrategi, - smak på det ordet. Det å gje gåver for å glede andre ligg djupt i den norske folkesjela, og ein gjev ikkje gåver for å få noko att. I den kristne tradisjonen har misjonsfolket gått føre. Kor-kje den norske folkesjela eller den kristne tradisjonen sèt georafiske begrensningar for kor ein skal hjelpe og glede sin neste. Det gjer Sparebanken Sør. Dersom ditt lokale engasjement har som mål å glede folk i Ukraina, Romania, Russland eller land som ligg endå lengre borte, då må du klare deg utan gåve frå Sparebanken Sør. Då har du nemleg bevega deg utanfor banken sitt marknadsområde. Då seier banken sin strategi at den ikkje får nok att for gåva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klima, artsmangfald og fattigdom

Snart kan ungdom frå heile regionen samlast i det nye bedehuset på Evje. Dei fleste av dei vil vere opptekne av å ta vare på skaparverket. Kampen for klima og artsmangfald vil stå høgt også i dette ungdomsmiljøet. Desse ungdomane veit at skal ein på nokon måte kome i mål, må kampen for klimaet gå hand i hand med kampen mot fattigdom. Dette er eit faktum som Sparebanken Sør vel å oversjå, for utifrå deira gåvestrategi er kampen mot fattigdom førebels å ansjå som profittlaus.

Skurr i lydanlegget?

Heile grunnlaget for alle sosiale, kristne samlingar, er kjærleiken sin bodskap. Difor bør det skurre litt i høgtalarane, når dei som samlast i det nye bedehuset på Evje veit at dei som har betalt lydanlegget praktiserer ein nestekjærleik som er avgrensa frå Hovden til Hægebostad.

15. februar 2021,

Jan Olsen