Emilie og Adrian: Adrian (28) og Emilie (26) drøymer om born, men lever i håpet om at forskingsingsstøtte frå Stjerneaksjonen skal gjere Adrian frisk fyrst. (Foto: Jorunn Valle Nilsen) Innfelt: Stjerneaksjonen til Kreftforeningen handlar om å lysa opp sjukehus i jula, men også om å støtta forsking, slik at fleire skal overleva kreft.

Stjerna di kan redda liv

Kreftsjuke Adrian og sambuaren Emilie veit ikkje kor lang tid dei har saman. Når du kjøper ei stjerne i desember, gjev du par som dei eit nytt håp om ei felles framtid.

Kvar desember inviterer Kreftforeningen menneske over heile landet til å gje håp til jul ved å kjøpa ei stjerne. Når du kjøper stjerner, heng me dei opp på det sjukehuset eller den sjukeheimen du vel. Julestjerna er eit symbol på håp, både for dei som må vera på sjukehus i jula, men også for alle andre som har fått eller kjem til å få kreft. Stjerneaksjonen til Kreftforeningen handlar nemleg ikkje berre om å lysa opp sjukehus i ei mørk førjulstid, men vel så mykje om å støtta forsking, slik at fleire skal få koma heim til jul, nyttår og alle andre dagar i året.

Sjeldan kreftform

28 år gamle Adrian levde eit heilt vanleg liv då han frå eit sekund til eit anna gjekk frå å vera student til å verta kreftpasient. Adrian hadde uflaks. Berre tre av ein million menneske får ei så sjeldan kreftform. I dag vert halvparten av alle med kreft i blindtarmen med spreiing til bukhinna, friske av ein operasjon. Men for Adrian og den andre halvparten finst det inga behandling som kan gjera dei kreftfrie. Dei veit ikkje kor mange fleire julefeiringar dei får saman med sine nærmaste. Adrian og kjærasten Emilie drøymer om born, men tør ikkje satsa før dei veit at han kan leva ei god stund saman med dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uviss framtid

-Det er veldig vanskeleg å vera i etableringsfasen og skulle ta store livsval når eg har ein sjukdom eg ikkje veit om eg kan verta frisk av, fortel Adrian.

Heldigvis har eit nytt håp dukka opp.

Takka vere alle dykk som kjøpte stjerner av Kreftforeningen i desember i fjor, kan forskar og kirurg Kjersti Flatmark endeleg starta arbeidet med å utvikla ein heilt ny immunterapi for pasientar som Adrian med spreiing til bukhinna.

Målet hennar er klart: Ho vil laga ei behandling som gjer dei helt friske. Dersom alt går som det skal, vil ho gjennom forskingsprosjektet sitt kunne tilby ei splitter ny kreftvaksine i kombinasjon med immunterapi om berre eit par år. Utan støtta frå nordmenn ville det ikkje ha vore mogeleg!

-Julestjerna er eit symbol på håp, skriv Geir O. Wehus, distriktsleiar i Kreftforeningen i Agder.

Hugs det når du kjøper ei stjerne til eit sjukehus i år. Stjerna di gjev lys, varme og håp, men ho kan også redda liv.

Geir Osmund Wehus,

distriktsleiar i

Kreftforeningen i Agder