Ta vel imot dei som kjem!

Flyktningane frå Ukraina tek no til å kome til Noreg. Kommunar over heile landet har fått førespurnad om kor mange dei meiner å kunne ta imot og busetje for kortare eller lengre tid. Også dei fleste kommunane i distriktet vårt har alt signalisert vilje til å ta imot. I Åseral klemmer ein til med lovnad om å kunne ta imot heile 50. Det er raust av ein liten kommune med under 1.000 innbyggjarar. Til samanlikning ville det ha vore som om Bergen skulle ha sagt seg viljug til å ta imot 10.000, mens byen mellom dei sju fjella så langt har takka ja til å ta imot 1.000.

No er ikkje dette verken matematikk eller statistikk, og som det vart sagt i Evje og Hornnes kommunestyre nyleg, må ikkje mottaksdebatten bli ein konkurranse om kven som er mest raus. Poenget er at me her i landet viser gjestfridom, ikkje minst i den spesielle situasjonen som det ukrainske folket no er i. Dei har ikkje rømt frå svolt og armod i von om å finne meir menneskeverdige forhold, slik det ofte er snakk om når andre flyktningar kjem til landet. Denne gongen handlar det om folk som meir enn gjerne hadde blitt i sitt eige heimland, og som er innstilte på å reise heim att så snart den forferdelege krigen måtte ta slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I så måte kan ein kanskje samanlikne folket frå Ukraina med born og ungdom som kom hit til landet som sommargjester for nokre få veker eller månader i åra like etter krigen. Tyskland var utbomba, og gjenreisinga var i gang. Då fekk tyske born møte gjestfridom i Noreg som eit avbrekk frå alt elendet dei opplevde i eige land. Likevel var det heller ikkje den gongen slik at dei tyske borna ivra etter å kome til Noreg, for dei lengta heim att, og reiste fort attende.

No er det eit anna folk me kan gi ein kjærkomen pause frå krigshandlingar og eit altfor utrygt daglegliv. Kommunane har det formelle ansvaret for å ta imot, men hjartevarme og omsorg er det oss som einskildmenneske som må gje dei.