Nokre av dei som på ulike vis var med og bidrog til det fine resultatet under innsamlingsaksjonen ”Setesdal for Ukraina”. Framme frå venstre: Anne Fauske, Helene Wieden, Alva O. Frafjord Sandnes, Gro Tove Frafjord Sandnes, Lina Elwers og Trym Kvaale Haugaa. Bak står: Torunn Charlotte Nyberg, Nina Bygland, Olav Grendstad, Finn Håkon Borgi, Guro Kvaale Skibsrud og Susanne Hegenscheidt. (Foto: Geir Daasvatn)

Takk for 233.774 kr. til Ukraina!

Nå er reknskapen gjort opp. Det kom alt-i-alt inn 233.774 kr til humanitær hjelp for Ukraina under innsamlingsaksjonen i Bygland, Valle og Evje og Hornnes.

Pengane blir overførte til Røde Kors sin hjelpekonto. Me vil takke kvar og ein av dykk som på så mange ulike vis var med og gjorde dette strålande resultatet mogeleg. Nokon av dykk hadde høve til å vere med på eit lite ”lagbilde”. Det var veldig hyggeleg.

Kvar for oss kan me kjenne oss uendeleg små og makteslause i forhold til den forferdelege krigen som skjer i Ukraina nå. Men når me er fleire som slår oss saman, og kvar og ein bidreg med det ho eller han kan, og etter beste evne, kan store ting skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå kan me sende avgarde ein bra sum med pengar til Røde Kors sitt hjelpearbeid i Ukraina. Det var hovudmålet. Men me vonar også at alle de som har bidratt i aksjonen, frå minstejenta til eldstemann, frå Valle, Bygland og Evje & Hornnes, eller ute i den store verda, sit igjen med ei god kjensle av å ha vore med på eit felles løft, eit sterkt lagarbeid.

Saman om felles mål

Verdien av å jobbe saman mot eit felles mål, eller for ei god sak, kan etter vår meining knappast overvurderast. Det gjeld kanskje spesielt for oss som bur i små bygder ute på landet. Me treng kvarandre, og me kan alle vere med og løfte kvarandre opp og fram! Om de alle kan kjenne litt på den gleda over å løfte i flokk, og å få ting til saman, er me veldig glade.

Me klarer ikkje å nå fram til kvar og ein av dykk som har bidratt med ei personleg takk. Men me er djupt takknemlege og varme i bringa over det store som kom ut av den vesle ideen me hadde om å prøve å gjere noko for Ukraina.

Har inspirert oss

Nå avsluttar me innsamlingsaksjonen. Men me er blitt veldig inspirerte av alt det fine som har skjedd i desse korte vekene. Me reknar med at behovet for hjelp og støtte vil vere stort, i lang tid framover. Me håpar at me saman med dykk kan arbeide vidare for å hjelpe, anten det best kan gjerast her heime i Setesdal eller på anna vis.

Takk!

Helsing

Olav Grendstad og Geir Daasvatn