Trafikken i haustmørkret

Dagane vert lengre og lengre, mørket kjem tidlegare og tidlegare for kvar dag som går. Samstundes skal barn, unge, vaksne og gamle ut å ha sine gjeremål, om det er å gå til barnehage, skule, arbeid, butikk, etc.

Dei som er gåande eller syklande har eit ansvar for å bruke refleks, slik at ein er synleg i trafikken. Samstundes vil eg oppmode alle bilistar til å ta det med ro i tettbygde strok, og vise til figuren under, henta frå Statens vegvesen si handbok V122, Sykkelhåndboka.

I byggefelt på Evje

Eg bur sjølv i byggefelt på Evje der det er 30 km/t. Difor vil eg minne alle om å respektere denne fartsgrensa. Som ein ser av figuren, så aukar sannsynet for dødeleg utfall mellom bil og gåande med 20% om ein aukar farten til 40 km/t, og heile 70% auke i sannsynet for dødeleg utfall ved 50 km/t. Det vart poengtert at refleks skal nyttast av alle som går eller syklar, men hugs på alle ungane som gjerne har refleks, men som kan kome brått ut i veg etter å ha aka i sideterrenget eller som syklar ut bak eit hushjørne. Desse blir fyrst synlege når dei er i vegbanen. Då bestemmer di hastigheit kva utfallet vert i det du køyrer på denne personen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Refleks kan vere skilnaden

For fotgjengarar så vil eg igjen presisere dette med refleks. Når ein planlegg nye vegar, så antek ein at ein bilist bruker i snitt to sekund frå ein ser eit objekt til ein startar å reagere ved å bremse. Derfor er det viktig å vere synleg på så langt hold som mogeleg, slik at sjåføren skal rekke å reagere, for så å bremse ned eller å svinge unna! Der kan refleks vere skilnaden på liv og død.

Så til alle fotgjengarar og sjåførar: Ha ei trygg tid no i haust- og vintermørket!

Øystein Gakkestad, Evje