– Det er ikkje slik at me som driv kyrkja har kontroll på alt som skjer i andre arrangement, men me forventar at alle har respekt for bygget som gudshus. Alter, altertavle og preikestol er opphøgd og i dette ligg det ein symbolikk som me må forvalte og respektere, skriv Evje og Hornnes sokneråd i dette innlegget.

U2-konserten i Evje kyrkje

Syner til lesarbrev frå Tone Stålesen i Setesdølen den 23. juni. Me set pris på at du er oppteken av kyrkja og det den skal formidle.

Kyrkja er eit gudshus og nyttast til å formidle trua på ein treeinig Gud og det håpet me alle har i Jesus Kristus. Dette har me fokus på i gudstenester og mange andre arrangement.

I tillegg er kyrkja ein institusjon open for andre arrangement som ikkje kjem i konflikt med kristen tru. Artistane i U2 er uttalt kristne, har formidla kristen tru sidan 1970-talet og songar frå gruppa er brukt i kristne samanhengar fleire stader. Det var difor ikkje urimeleg å seia ja til dette arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vil og nemna at songen Pride (In the name of love) ikkje har noko med pride-rørsla å gjera. Songen omhandlar Jesus som gav sitt liv for andre i kjærleikens namn og personar som i historia som har gått i Hans spor og ofra sitt liv for andre, som mellom anna Martin Luther King.

Samstundes er det ikkje slik at me som driv kyrkja har kontroll på alt som skjer i andre arrangement, men me forventar at alle har respekt for bygget som gudshus.

Alter, altertavle og preikestol er opphøgd og i dette ligg det ein symbolikk som me må forvalte og respektere.

Venleg helsing

Evje og Hornnes sokneråd