UNESCO-senteret står klart

I pur begeistring over UNESCO-vedtaket om å sette den immaterielle kulturarven i Setesdal på verdsarvlista har fylkestinget i det nye Agder løyvt ein halv million kroner til forprosjekt for eit nytt UNESCO-senter i Setesdal. Planen er også at fylkeskommunen i det nye Agder skal følgje opp med løyvingar til eit nytt bygg der også Valle kommune må stå sentralt som vertskommune.

Me synest det her ligg til rette for endeleg å løyse den floken som Hallvard T. Bjørgum på kultursenteret Sylvartun tok tak i for mange år sidan. Han ønskte den gongen at fylkeskommunen skulle kome inn på eigarsida saman med kommunen for å overta Sylvartun, gjerne i samarbeid med Setesdalsmuseet. Det har også skjedd eit stykke på veg. Det er også etablert eit samarbeid med Setesdalsmuseet.n

På denne måten har Sylvartun blitt sete for viktig granskingsarbeid og formidling nettopp av den kulturarven som no blir hylla i internasjonale fora. Sylvartun vart i si tid bygt opp av Torleiv H. Bjørgum, far til Hallvard. Han var ein føregangsmann i folkemusikkmiljøet her i dalen. Sylvartun med si idylliske plassering ved Otras breidder på Nomeland i Hylestad vart både sylvsmedverkstad og folkemusikksenter med stor pågang av turistar og andre besøkande. Etter kvart endra også folks reisevanar seg. Det vart færre turistbussar, og meir persontrafikk. Talet på besøkande gjekk ned, og Sylvartun måtte redusere verksemda si.

Omlegginga har likevel ført til at Sylvartun i dag er meir eit senter i pakt med det ein kan tenkje seg at eit UNESCO-senter skal vere. Difor er det viktig at ein før ein ser på nybygg, vurderer om det er råd å gå vidare på forslaget som Hallvard T. Bjørgum hadde for mange år sidan. Viss kommune og fylkeskommune samlar seg om ei slik løysing, kan det vise seg å bli ei svært god ordning både praktisk for framtidig rekruttering og med tanke på å ta vare på eit klenodie i den setesdalske kulturarven. Dette kan vere ein god start viss UNESCO-turistane alt er på veg.