Inger Juvastøl meiner bygdelister skaper rot i kommunestyret.

Utbrytarar i Valle Senterparti

Kvart fjerde år, når det nærmar seg kommuneval, poppar det opp nye lister for eit eller anna spesielt føremål, ei eller anna særinteresse, oftast for å få igjennom saker ein brenn for, i heile eller delar av kommunen.

Nå har tre av dei som sit i kommunestyret for Senterpartiet i Valle meldt seg ut, og vil lage ei bygdeliste, for eit eller anna. Var det for å få meir liv i kommunestyret, eller var det for å vere meir næringsvenlege? Er det for få parti i Valle kommunestyre?

Berre ein periode

Mange er dei som har prøvd seg med særparti. Som oftast har dei inga politisk retning på andre saker enn den eine spesielle. Kanskje dei får igjennom det dei har jobba for, men dei gjev oftast opp etter ein periode. Det kan vere mange grunnar til det, men ein av dei er, at dei ikkje er forankra i eit parti på Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ofte ein treng drahjelp frå stortingsrepresentantane ein har frå eige fylke, på lokale saker.

Meir rot

Det blir etter mi meining meir rot i eit kommunestyre der det er mange særparti. Se bare til Kristiansand. Det var ein protest mot Kunstsilo som gjorde at Demokratane, som har vore eit miniparti, kom inn med 10 representantar. Kor mange er det igjen av dei nå? Ikkje mange.

I bystyret i Kristiansand er ”partihopping” ei nokså vanleg øving, noko som gjer det vanskeleg å vite kor fleirtalet er, til eikvar tid.

Så ordføraren der har i året som gjekk, måtta styre etter eit budsjett som opposisjonen hadde tråkla saman. Det har ikkje vore lett. Heile 15 parti stilte liste, og 13 parti fekk sete i bystyresalen. Gjev det meir demokrati med eit så fragmentert bystyre? Eg trur ikkje det.

Finn eit parti!

Det er ikkje lett å få folk til å stille på lister til kommunestyrevalet. Om du tenker at det kunne vere interessant, så velg det partiet du har mest til felles med. Ein kan aldri vere einig i absolutt alt eit part står for.

Men om du kjenner deg att i den grunnleggjande tanken til partiet, så gå inn i det, og jobb derifrå for saker du brenn for. Det vil nok gje det beste resultatet. Så lukke til!

Inger Juvastøl, Evje