Utflagging av arbeidsplassar: – ”Ticket to nowhere”!

BYGLAND SENTERPARTI: -Det er mest ikkje til å tru kva handlekraft den raude ordførargruppa i Setesdal no kan bli hugsa for - tempoet med å få flagga ut interkommunale kompetansearbeidsplassar!

Kvifor i alle dagar var dei på barrikadane om at ei einsleg Unesco-prosjektstilling ikkje kunne fungere med kontorstad Kristiansand for nokre månader sidan? Det blir komisk, i ljos av at vi på kort tid – og i kjølvatnet av NAV-utflagginga, får saker om utflagging av Barnevernet, og no utflagging av Setesdal IKT.

- Alle under dekke av behov for styrkte/robuste fagmiljø. Tilsynelatande skjer dette med taus tilslutning frå makthavarane – ordførarlaget i Setesdalskommunane og posisjonen i kommunestyret i Bygland. I same andedrag syter dei for at kommunane forvitrar, og gjer det enda vanskelegare å vere generalistkommunar og småkommunar i framtida. Bygland Senterparti utfordrar ordførar Sigbjørn Åge Fossdal på vegne av posisjonen om å grunngje manglande interesse for alternativ tenking, og å svare ut nokre spørsmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Setesdal IKT i ei digital tid

Vi lev i ei digital tid – og synest det er bra at Setesdal IKT har fokus på korleis ein kan møte framtida.

Kommunedirektørane som er styringsgruppe i Setesdal IKT har i saka til kommunestyra i dalen ligge det ein tilrådd strategi – å fusjonere inn i IKT Agder IKS eller Det digitale Vest-Agder (DDV).

- Kva konsekvensar har det over tid at viktige tenester blir styrt utanfrå?

- Kva gjer det med rekruttering og tilstadevere i kommunane over tid?

- Kva gjer det med tenestene for brukarane og kommunane?

- Kva gjer det med attraktiviteten i lokalt arbeidsmarknad?

- Kva gjer det med styring, kontroll og økonomi/kostnadsnivået og ikkje vere i posisjon på eigarstyring i eit større samarbeid?

- Korleis vil pandemien føre til endra samarbeidsmåtar?

Artikkelen held fram under annonsen.

Tid for meir offensiv nyskaping og vidareutvikling

Bygland senterparti saknar ei utgreiing av mogleghetene som ligg i å skape eit utvida/nytt Setesdal IKT. I tillegg til drift av serverar og innkjøp av programvare, kan verksemda også få ei større rolle i høve bruken av ulike datasystem. Vi ser føre oss at dei kan syte for opplæring og oppfølging av brukarar for å sikre at ein tek ut gevinstane med at tilsette får fagspesifikk effektiv bruk av programvare, og oppfølging av superbrukarar for å sikre utviklingsarbeid på systemnivå. Det kan ligge stort potensial til indirekte innsparingar over tid.

Vi har og tru på at Setesdal IKT kan utvikle tenestene våre med ein fornya rolle i høve digitalisering av kommunale tenester (sjølvbetjeningsløysingar), meir bruk av velferdsteknologi osb. Vi meiner at det er eit openbart rom for tenesteinnovasjon vår skala. Ikkje minst har vi tru på at Setesdal IKT kan utviklast i privat-offentleg samarbeid, og tilby tenester til fleire aktørar. Kvifor kan ein ikkje utgreie nye desentraliserte oppgåver t.d. i høve datalagring for nasjonale eller regionale styresmakter for å bygge fagmiljø som avstandsuavhengige for andre brukarar? Og slik skape eit nytt og meir framoverlent IKT-miljø lokalt?

Bygland senterparti tek til orde for at ein tenkjer seg om minst ein gong til!

Setesdalssamarbeida – utvikling og ikkje avvikling

Bygland senterparti ynskjer utvikling – ikkje avvikling av dalen vår.

Vi ynskjer å skape attraktive kommunar å bu og arbeide i – Vi er imot av kortsiktige grep som undergrev arbeidet med samfunnsutviklinga og jobben vi må gjere kvar dag for å tilby arbeidsplassar både i privat og offentleg regi for at det skal vere aktuelt å skape tilflytting og folketalsvekst.

Vi meiner at Setesdal framleis bør vere det funksjonelle styringsnivået for ulike interkommunale samarbeid. - Ein ev kan vurdere samarbeidsavtaler/tenestekjøp som supplement med større verksemder dersom Setesdal IKT ser behov for det t.d. innafor datasikkerheit. Vi meiner at ein no må ta time-out og tenkje seg om før fleire arbeidsplassar blir fasa ut.

Bygland senterparti gav derfor ikkje tilslutning til vidare arbeid med fusjonsforhandlingar for Setesdal IKT.

Taushet er ikkje alltid gull

I kommunestyrehandsaminga i Bygland var posisjonen ein taus majoritet som ikkje ønskjer debatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi tillèt oss difor å utfordre ordførar Sigbjørn Fossdal til å kome på banen i Setesdølen for forklåre kvifor de ikkje ønskjer alternative tankar før de stuper inn i verksemdsoverdraging? Digitalisering, innovasjon og privat-offentleg samarbeid på agendaen! Samstundes oppmodar vi kommunestyra om å tinge eit forprosjekt for å vidareutvikle Setesdal IKT med sideblikk på digitalisering, innovasjon og privat-offentleg samarbeid, i lag med kommunane i Setesdal.

Bygland senterparti