Fylkestingspolitikar for Agder Høgre, Torunn Charlotte Nyberg, meiner det står mykje på spel i valet i år.

–Val 2021 - din sjanse til å forme eiga framtid

Det nærmar seg val. Vil eit eventuelt regjeringsskifte ha noko å seie for deg og meg – vil vi merke nokon skilnad?

Eg har snakka med dei som meiner at det sikkert ikkje blir nokon forskjell for folk flest. Det er eg ikkje einig i. Dei siste åra tykkjer eg at vi har opplevd mange endringar som har vore viktige og nødvendige – og merkbare. Eg føler at mykje står på spel.

«Politikk - berre svada»?

Den sitjande regjeringa har gjennomført mykje som verkar inn på kvardagen til deg og meg. Regjeringa har styrka barns oppvekstvilkår ved mellom anna å innføre ein minstenorm for antal barn per vaksen, redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage, billigare SFO, gitt 47 000 lærarar tilbod om vidareutdanning, vedteke ny og strengare mobbelov og auka ressursar til skulehelsetenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa har sett pasienten i sentrum, innført dei såkalla pakkeforløpa for behandling, redusert sjukehuskøane, oppretta 450 nye psykologstillingar i kommunane, auka antal årsverk innaføre kommunalt psykisk helse- og rusarbeid og, ikkje minst, gjennomført kvalitetsreforma for eldreomsorg, «Leve hele livet». Regjeringa har gjennomført ei formidabel satsing på bygging av trygge vegar, auka investeringane i jernbanen med 88 %, betra skattevilkåra for næringslivet, kutta i byråkratiet – og lista er endå lengre enn dette. Derfor er det viktig å jobbe vidare med gode tiltak som vi erfarer fungerer.

Vegen vidare med blå regjering

Høgre i regjering betyr at vi held fram med satsinga på tidleg innsats og kvalitet i oppvekst og skule, vidareutdanning av lærarar og at vi let ungdomar i størst mogeleg grad få velje vidaregåande skule sjølve. I tillegg ønskjer Høgre å gjennomføre ei ungdomsskulereform, med mellom anna innføring av yrkesfagleg valfag og meir praktisk tilnærming og tilpassing av faga. Dette trur eg er ein bra veg å gå.

Høgre i regjering vil halde fram med å prioritere bygging av trygge vegar, og satse heilskapleg på samferdsel og tettare kopling mellom bygd og by. Med høgreregjering får vi behalde fritt behandlingsval, slik at du og eg har reelle valmogelegheiter og kortare veg og tid til behandling, uavhengig av privatøkonomi. Samspel mellom offentleg og privat tenesteyting gir oss gode teneter, eit mangfald av tilbod og spennande, innovative fagmiljø.

Dei såkalla pakkeforløpa har vore ein suksess, og med Høgre i regjering veit eg at det vil bli utvikla fleire pakkeforløp innaføre sjukdomsbehandling, og innaføre psykiatri og rus. Eg ønskjer også inderleg ei rusreform som gjer at den slitne rusmisbrukaren eg møter i Markens får hjelp og oppfølging, ikkje straff og fordøming.

Eit av våre største parti snakkar i denne valkampen om at det no er «vanlege folk» sin tur. Eg tykkjer dette er eit lite inkluderande og raust slagord, og lurer på kven av oss som er så heldige å bli sett i den rette båsen... For meg handlar val av parti om verdisyn, og om summen av den praktiske politikken.

Ein treng ikkje å vere einig i alt, men for meg er respekten for mangfald og likestilling grunnleggjande verdiar som eg ser i praksis i Høgre. Trua på det enkelte mennesket og respekten for individet er ei bærebjelke i Høgre sin politikk.

Eg ønskjer Erna som statsminister, og framføre alt ønskjer eg at alle som har stemmerett nyttar den. For politikk har noko å seie for kvardagen din. Godt val!

Valle 6.september,

Artikkelen held fram under annonsen.

Torunn Charlotte Nyberg,

Fylkestingspolitikar for Agder Høgre