Tarald Rike i Valle meiner at Senterpartiet må skifte ut eigne statsrådar som ikkje duger. Det gjeld m.a. finansministeren, meiner han.

– Vedum bør take hatten sin!

Trygve Slagsvold Vedum bør take hatten sin og gå ut av regjeringa! Denne finansministeren har altfor lenge vist at han ikkje er nokon ”fighter” trass i mellomnamnet «Slagsmål» eller var det «Slagsvold», som er endå meir aggressivt!

For meg er det tydeleg at Vedum opptrer som ein Smørbukk, som har fått ein pose Smørbukk karamellar, og som er så nøgd med det, at han let Jonas Gahr Støre dominere både finanspolitikken og landbrukspolitikken. For Smørbukk smakar jo so godt!

Setesdølen skriv på leiarplass (31.03.22) om dei gallopperande straum-, kunstgjødsel- og pumpeprisane, at «Folk flest aiar seg, men endå verre er det med næringslivet her sør.» Og alle senterpartia i Setesdal har sett fram krav om «Innfør full kompensasjonsordning for gjødselkostnader omgåande med utbetaling i sumar!» (Setesdølen 31.03.22).

Artikkelen held fram under annonsen.

Burde vere lett å få til

Dette burde vere ei smal sak å ordne, sjølv om det vil verte motarbeidd av Jonas og Erna og deira draum om eit «karbon-nøytralt» og føydalt samfunn. Fleire statsrådar og statssekretærer har vist at dei ikkje duger. Då bør ein gjere som Solbakken gjer med landslaget i fotball: Set inn innbyttarar!

Både Agder og Buskerud og fleire andre fylke kan fylle opp statsrådplassane og statssekretærstillingane på ein betre måte enn dagens SP-politikarar, viss ein vil finne fram til dei beste i Agder og Buskerud osv, altså folk som har vore «ute ei vinternatt før». Med andre ord folk som ikkje er sett opp av søppel-TV-kanalen NRK, «pusha» inn på Storinget og regjering utan lokal tilknytning og arbeidsrøynsle, som ein skumtopp, som berre er flinke til å pugge dei ordrane dei får tilsendt.

Helsing

Tarald Rike

Uppstad, Valle