Torje Karsten Grindheim er leiar i Grindheim mållag og har stor tru på at dei skal greie å halde fast på nynorsk som opplæringsmål i barneskulen på Byremo.

Ver stolt av heimbygda og dialekten din - bruk nynorsk skriftspråk!

Det er teke initiativ til ei ny røysting om skulemålet på Byremo barneskule i Grindheim. Minst to gonger tidlegare har det vore slike røystingar, i 1990 og i 1999. Begge gongene vann nynorsken.

I landet vårt er nynorsk og bokmål jamstilte skriftspråk. Elevane startar med eit av dei som opplæringsmål når dei byrjar på skulen. I løpet av grunnskulen skal dei lære seg å skriva begge målformene. Det syner seg at dei elevane som har hatt nynorsk som fyrste opplæringsmål meistrar begge målformene betre enn dei som har bokmål. Det vil seia at elevar med nynorsk som opplæringsmål får betre karakterar både i nynorsk og bokmål.

Dialekt

Dialekten her i Grindheim er ein viktig del av bygdekulturen. Nynorsk støttar opp om dialekten fordi denne målforma ligg nærmare talemålet vårt.

Vil vi verna om dialekten vår, er det viktig å fortsetja å ha nynorsk som opplæringsmål.

Skriftspråket har nemleg stor innverknad på talemålet vårt.

Nynorsk i presse og litteratur

I 2019 kunne NRK fortelja at dei for fyrste gong nådde målet med 25% nynorsk. I 2019 oppheva Aftenposten forbodet mot nynorsk (VG oppheva forbodet året før). I dag bruker tv-kjendisar, pop-stjerner, idrettsheltar, partileiarar, bloggarar og mange andre grupper nynorsk.

Barnebokforfattarane skriv stadig fleire bøker på nynorsk. Mykje av Norges finaste litteraturskattar er skrivne, nettopp på nynorsk.

Me eig dialekten

Dialekten vår er det kun me som eig, og han er ein rikdom som me skal ta vare på og vera stolte av.

Den nynorske skriftforma gjev elevane frå 1. klasse ei kjensle av at det er deira hjartespråk.

Helsing frå oss i

Grindheim Mållag