136 fullvaksinerte i Evje og Hornnes

Det er minst 136 innbyggjarar i Evje og Hornnes kommune som nå er fullvaksinerte. Vaksinasjonsarbeidet held fram, og denne veka er det venta 42 dosar til. I slutten av veka vil dermed 178 vere fullvaksinerte.

I tillegg til vaksinen frå Pfizer-BioNTech, får Evje og Hornnes denne veka fyrste leveransen av AstraZeneca-vaksinen. Denne skal i hovudsak gå til å vaksinere helsepersonell, sidan den ikkje er nok utprøvd på folk over 65 år eller dei som er i høgrisiko-grupper.

Neste veke får kommunen 42 dosar frå Pfizer-BioNTech. Desse går til å vaksinere dei som fekk fyrste dosen for tre og fire veker sidan.