Bilkortesje Åseral-rundt på 17. mai

Nasjonaldagsfeiringa blir annleis også i Åseral. Der utgår mykje av det som er fast tradisjon på 17. mai, slik som gudsteneste, folketog, matsal og aktivitetar.

Det som derimot blir hovudfokuset i år er bilkortesja, der alle er inviterte til å vere med. Både veteranbilar, traktorar og heilt vanlege køyretøy er velkomne til å vere med. Ruta går frå Åseral kyrkje, rundt i Kyrkjebygda og til Austrudstunet. Der blir det allsong av ”Ja, vi elsker” klokka 13, slik heile resten av landet også skal vere med på i år.

Rundtur i Åseral

Kortesja går derfrå vidare til gardar og grender i heile Åseral, og 17. mai-komiteen ønskjer at mange sluttar seg til toget. Det kan folk gjere anten frå starten, eller der det måtte passe undervegs. Komiteen håper også at folk pyntar verandaen sin, viser fram flagg og elles lagar liv og røre langs køyreruta. Kommunen presenterer ei detaljert reiserute for bilkortesja på heimesidene, så folk kan planlegge nasjonaldagsfeiringa i Åseral.