Bykle på topp i TV-aksjonen

Atter ein gong markerte Bykle seg i landstoppen og best på Agder med eit gjennomsnitt på 143 kroner og 95 øre pr. innbyggjar i TV-aksjonen sist helg. Innsamlinga gjekk til Verdas Villmarksfond sitt arbeid med å fjerne plast i havet. Byklarane støtta aksjonen med 145.089 kroner.

Valle kom på 6.plass på Agder med 52.354 kroner, Bygland på 8.plass med 48.805 kroner sjølv om Bygland kommune berre gav 1165 kroner denne gongen mot rundt 10.000 kroner tidlegare år.

Åseral kom på 13.plass med 35.239 kroner. Iveland blei nr. 17 med 49.465 kroner og Evje og Hornnes nr. 23 eller tredje sist av kommunane på Agder med 111.221 kroner. I Sirdal gav dei til saman 145.300 kroner eller vel 55 kroner pr. innbyggjar og i Hægebostad 40.087 kroner.