Koronatelefon i Bygland og Evje og Hornnes

Bygland og Evje og Hornnes samarbeider no om ein eigen ”Koronatelefon”.

Meininga med telefontenesta er at innbyggjarar kan kome med helserelaterte spørsmål i forhold til korona. Telefonen er bemanna av helsesjukepleiarar, og skal vere open alle vekedagar frå 09-12 og 13-15.30. Telefonnummeret er 911 24 143. Det skal vere eit tilbod til dei som er bekymra for noko eller som har ulike helserelaterte spørsmål knytt til korona.