Lan-E til helga
Lan-E har snart halde arrangement i 10 år. Denne helga fyller ungdommar Otrahallen med datautstyr for å game og delta på ulike konkurransar og vere sosiale heile helga.
Lan-E er ein frivillig organisasjon, med Anders Odde Torndahl og Kittil Olaf Barstad frå Evje og Hornnes i spissen, som blei etablert i 2014.
Lan-E ønsker å gje eit tilbod til ungdom der gaming skal vere ei sosial happening, og ikke alltid bare ei stemme i headsettet. Difor arrangerer dei såkalte «LAN» to til tre helger i året, slik at ungdommane kan vere fysisk saman og møte andre med lik interesse. Dei starta med 10 deltakarar på Furuly og har jobba seg opp mot 70-100 deltakarar på dagens arrangement.