Ljos for Ukraina

I år skal me i Valle samle inn pengar til born som lid i Ukraina og til dei borna som er på flukt frå heimlandet sitt.

I fakkeltoget fyrste laurdag i advent skal me tenne ljos for dei. Valle og Hylestad sokneråd serverer kakao og bollar levert av Bergtun hotell. Kulturskulen skal underhalde på rampa til Valle Handel, og ordførar Steinar Kyrvestad skal tenne jolegrana. Kakao og bollar er gratis, men vi oppmodar alle til å gje ei gåve til Redd barna som gjer ein særs god innsats for born i Ukraina og for dei borna som er på flukt. Velkomne til fakkeltog og jolegrantenning i Valle sentrum laurdag kl 17.

For Valle og Hylestad sokneråd - Sissa og Lisbeth