Ny bok om eikdølsmålet

I 2023 satsar Eiken Sogelag på å gje ut ei ny bok, nemleg «Det gamle eikdølsmålet» av Torfinn Hageland. Han har laga ei rikhaldig samling av gamle ord og uttrykk, som medlemmar i styret redigerer og kommenterer etter kvart.

Dette er det svært viktig å ta vare på, før det går i gløymeboka. Boka inneheld mellom anna også flotte bilde, samt forklaring/reglar om gamle leikar som folk brukte før.

I boka kjem det til slutt også eit avsnitt om stadnamn, nemleg «Stadnamn i Eiken og øvre del av Hægebostad.»

Vest-Agder-musèet arbeider også med eit anna manus av Torfinn Hageland, nemleg «Byggjeskikk i Eiken.» Denne boka kjem også ut til neste år.