Nytt smittetilfelle i Evje og Hornnes

Evje og Hornnes kommune fekk i går ettermiddag melding om eit nytt smittetilfelle av korona i kommunen.

Smittetilfellet har direkte samanheng med dei to tilfella frå veke 4. Evje og Hornnes melder at situasjonen er under kontroll, og at berre éin nærkontakt skal i karantene.

Den smitta er i isolasjon og blir tatt vare på av kommunehelsetenesta.