‘Sipeleg’ joleturnering i Vallehalli

Valle Allidrettsklubb skipar til førjolssamling i Vallehalli no til laurdag. Tradisjonen tru har vi Gåvedugnad til Frelsesarmeen i Kristiansand.

Om du har lyst, kan du take med deg ei eller fleire jolegåver elle eventuelt støtte arbeidet med ei pengegåve. Du kan og kome akkurat som du er utan gåve – så pakkar vi inn det vi har ilag! Er det nokre av dykk som les dette som ikkje er aktive i Allidretten, men som likevel ynskjer å gje gåver er vi veldig takksame for det; då er det berre å stikke innom Matkroni i Vallehalli i løpet av laurdagskvelden, ei gong mellom kl 18-21.

Vi kjem likevel ikkje berre til å pakke gåver denne kvelden; det vert og ei ‘sipeleg’ joleturnering i ein eller fleire idrettar, truleg i volleyball, basketball og badminton, eller det dykk ungdomar måtte ynskje. Denne gongen er det verkeleg flotte premiar, ikkje berre snop! Du treng ikkje vere meldt på eit lag for å kome; det ordnar vi der og då! Vi har kiosksal og det vert og gratis jolegraut og snacks. Og kven får mandelen i grauten, mon tru? Den heldige får i alle fall premie!

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist, men ikkje minst får vi besøk av Joakim Halvorsen frå NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) i Kristiansand. Han skal ha andakt for oss denne kvelden og vi får høve til å minnas kvifor vi feirer jol. Denne kvelden er det og siste sjanse til å betale den friviljuge medlemskontingenten for 2022 på kr 50,- Hugs at jo fleire som betalar, desto meir får vi i stønad frå Frifondsmidlane.

ALLE frå 8. klasse og oppover er hjarteleg velkomne! Det hadde og vore stas om de som er heime frå vgs tek turen! Sist, men ikkje minst er de velkomne frå høgheia i Bykle og Hovden også! Håpar å sjå akkurat DEG i Vallehalli denne laurdagskvelden!

Ingunn Røysland, leiar