Smitta i Evje og Hornnes kom med fly

Det vart onsdag registrert ein ny korona-smitta person i Evje og Hornnes. Vedkomande kom frå Polen i fly, og kom til Setesdal via Sola ved Stavanger.

–Han er sett i isolasjon, og det er gjennomført smittesporing. Me har til no ikkje funne grunn til å sette andre i karantene, seier kommuneoverlege i Bygland og Evje og Hornnes, Åsulv Horverak.

Ingen nærkontaktar

Den smitta fekk påvist smitte med det same han kom til Setesdal. Han vart sett rett i isolasjon, og har difor ikkje hatt nærkontaktar.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Vedkomande blir no fulgt opp av helsetenesta. Me har kontroll på situasjonen, seier Åsulv Horverak til Setesdølen.