Snøføre førte til fleire ulykker

I morgontimane i dag var det fleire trafikkulykker på grunn av snøvêret i distriktet vårt.

I Iveland vart det meldt om ei ulykke på fv405 ved Landekleivvatnet på Vatnestraum like etter klokka sju. To bilar frontkolliderte. Det var ein person i kvar bil, og begge kom seg ut av bilane.

Ein halvtime seinare vart det meldt om ei trafikkulykke på rv9 ved Hartevasstøylen i Bykle. Der var også to bilar involerte. Personane kom seg ut av bilane, men nokre involverte måtte til undersøkingar hos lege.