14 smitta av korona i Evje og Hornnes

På laurdag informerte Evje og Hornnes kommune om to nye tilfelle av covid-19. Det var det 13. og 14. tilfellet i smitteutbrotet som har vart i to veker.

På sundag vart det ikkje meldt om nye tilfelle. Denne dagen gjekk nokre ut av både karantene og isolasjon. Nokre av dei som har vore smitta av korona, er no friskmelde av kommuneoverlegen.