14 smittetilfelle av mutert virus på Bygland

Tysdag ettermiddag fekk Bygland kommune melding om 3 nye positive testar etter smitteutbrotet på KVS-Bygland. Det er stadfesta at det er den engelske muterte virusvarianten.

Det er framleis ikkje påvist smitta utanfor KVS. Alle smitta er anten elevar eller tilsette ved skulen. Det er difor 14 personar i isolasjon.

Talet på personar i karantene er 15.

Les også
Stenger ned internatet: Røde Kors køyrer heim elevane