Arbeidarpartiet på bedriftsbesøk hos L/L Setesdal Bilruter på Evje. Frå venstre: AUF-leiar Jesper Thoresen, tidlegare fylkesordførar Gro Bråten, ordførar Svein Arne Haugen og Terje Greibesland som er dagleg leiar i bilruteselskapet.

– 2024 blir tøft

– For inneverande år er produksjonen sikra, men 2024 blir eit tøft år, sa administrerande direktør Terje Greibesland i LL Setesdal Bilruter då han nyleg fekk ein delegasjon frå Arbeidarpartiet på bedriftsbesøk.

1. juli neste år går selskapet sitt oppdrag for kollektivtrafikk i heile gamle Aust-Agder ut. Det betyr ei halvering av selskapet sin produksjon. Samstundes ventar ein på kompensasjon for ekstreme drivstoffutgifter.

Avtalen med det fylkeskommunale selskapet AKT inneber at Bilruta skal få refusjon for kostnadsauken. I møtet med Arbeidarpartiet fekk tidlegare fylkesordførar Gro Bråten klar melding om at det trengst pengar på bordet for også i 2024 å kunne oppretthalde eit rutenett som folk flest ventar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei viktige oppgåvene

Ordførar Svein Arne Haugen som er både styreleiar i Bilruta og aksjonær i selskapet, kjenner betre enn dei fleste kor skoen trykker.

– Fylkeskommunen må i større grad konsentrere seg om primæroppgåvene, alt frå tannlege og vidaregåande skule til kollektivtrafikk, og vere mindre opptekne av å bruke pengar på havvind og det som er fancy, sa han og la til:

– Bilruta gjer det som dei blir betalt for.

Terje Greibesland slo fast at det er to alternativ viss ein får for lite kompensasjon frå fylkeskommunen som oppdragsgjevar:

– Då me me anten sette opp prisane eller kutte ut ein del ruter, sa han og minna om at kollektivtrafikk er løysinga, ikkje problemet, når ein talar så mykje om det grøne skiftet.

Pendlarrutene

Ordførar Svein Arne Haugen minna om stor pendling ut av distriktskommunane for eksempel til Kristiansand. Difor er det så viktig å oppretthalde pendlarruter mellom Evje og byen.

Gro Bråten lova ingenting på møtet med Bilruta, men understreka Arbeidarpartiet sitt prinsipp her som i mange andre saker, at ein ønskjer meir politisk styring over samfunnsutviklinga.

– Dette er politikk, så det skal eg ikkje kommentere, svara Terje Greibesland før delegasjonen hasta vidare til fengselsbesøk på Evje.