Påsketuristane på Hovden kjem til eit snøkledd landskap med gode høve til å ut på ski både bortover og nedover.

30.000 inntar Setesdal og indre bygder

Siste rest av ”vintereventyret” lokkar rundt 30.000 menneske frå kysten og inn i landet til Setesdal og indre bygder denne påska.

Trafikken er alt i gang, og mange dreg til Hovden, men også andre utfartsstader som Brokke, Bjørnevatn, Ljosland, Eikerapen og Bortelid i Åseral får mykje besøk. Kalde netter har gjort at det framleis er meir enn nok snø i høgheia.

Under vegs møter du kanskje politiet med fartskontrollar, for Utrykningspolitiet er på plass fleire stader i heile distriktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor bør du ta det med ro, stoppe litt under vegs og gje deg tid til å nyte tanken på mange fridagar. God påske!