Annemor Sundbø har gjennom 30 år vore ein ressurs for bygdesamfunnet på Ose i tillegg til å reise verda rundt med forteljingane om kulturskattane som ho har funne i fillehaugen. Det har blitt 7-8 bøker, tallause foredrag og vevstove i Ose Ullvare. På Ose fekk ho også i gang Matmarknaden.

30 år i ullvarer på Ose

Det er i desse dagar 30 år sidan Annemor Sundbø overtok det tidlegare handelslaget på Ose og skapte seg både ullvareutsal og vevstove. Under vegs har ho skrive mange bøker og reist verda rundt med foredrag og inspirasjon til strikkeglade menneske. Alt saman har sitt utspring i dei kulturskattane som Annemor Sundbø har funne i fillehaugane.

Førstkomande sundag inviterer ho til open fest i ullvareutsalet på Ose for å markere at det er 30 år sidan ho flytta inn i lokala som Austad Handelslag hadde hatt.

– Framtida for Ose og Ose Ullvare er uavklart, men 30-årsjubileet er avklart og skjer på sundag 30. april. Dagen fell sammen med Valborgsmesse som er natt til 1. mai, seier Annemor Sundbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Friska opp bygda

Det tomme handelslagsbygget på Ose vart starten på ein ny epoke i det eventyret som Annemor Sundbø alt hadde skapt gjennom interessa frå Torridal Tweed og Ulldynefabrikk og etterkrigstidas innsamling av brukte strikkeplagg og vevnader. No vart det også vitalisering av eit bygdesamfunn med matmarknad og aktivitetar som gav gjenklang både i inn- og utland. For Annemor Sundbø, statsstipendiat endåtil, med brennande interesse for tradisjonsstrikk og kvinners altfor lite påakta arbeidsinnsats før i tida, la heile verda under sine føter. Ho har farta frå aust til vest og forkynt verdien av norske strikketradisjonar. Det har blitt møtt med stor entusiasme over alt der ho har kome.

Butikkutsalet Ose Ullvare har blitt eit midtpunkt i sommaridyllen på Ose gjennom dei siste 30 åra.

Bøker om fillehaugen

Ikkje minst forlaga har fatta interessa for bodskapen ho bar fram. I bok etter bok har ho tatt føre seg ulike sider ved tradisjonsplagga våre. Utgangspunktet har alltid vore ”ånda i fillehaugen”, og alt det spennande som den gløymde historia har kunna fortelje oss.

Annemor Sundbø hadde overtatt Torridal Tweed og Ulldynefabrikk 10 år før ho kom til Ose og etablerte ullvareutsalet der. Difor er det på ein måte både 30- og 40- årsjubileum ho kan feire i desse dagar. Og ho dreiv resirkulering av ull og ulldynefabrikk i ca. 25 år på Øvre Strai ved sida av å vere faglærar i vev og teikning.

Då ho kom til Ose, sa ho opp fast stilling i vidaregåande skule og satsa på strikke- og vevverksemda i Setesdal. Ved sida av dette vart ho altså sakprosaforfattar og kulturformidlar med foredrag og utstillinger i inn og utland.

Resirkulerte ullfiller

Ulldyneproduksjonen tok slutt i 2006 då maskinparken gjekk til Sjølingstad Uldvarefabrik. Spesialinteressa som ho hadde, og engasjementet, har gjort at ho resirkulerte utslitne ullfiller i 25 år og bygde opp den største strikkesamlinga både her i landet og i internasjonal målestokk. Det var dette ho kalla «Kulturskattar frå fillehaugen».

Heile samlinga og av og til delar av denne har vore på stadig vandring i inn og utland, men har også i periodar vore utstilt i Storstoga på Ose. Dei siste tre åra har strikkesamlinga og det omfattande arbeidet hennar vore presentert på Setesdalsmuseet.

7-8 bøker på fleire språk

Strikkesamlinga har også blitt grunnlaget for snart 8 bøker. Dei 7 som er ferdige, er alle omsette til engelsk. Annemor Sundbø er også ein av svært få forfattarar i landsdelen vår som har vunne Sørlandets Litteraturpris fleire gonger for bøker ho har gitt ut. Både for den første ”Usynlege trådar i strikkekunsten», 2006 (Samlaget) og «Koftearven» (Gyldendal) i 2020 fekk ho denne heideren.

Kongeleg heider

Også på anna vis har ho blitt honorert med utmerkingar for den årelange entusiasmen og det grundige forskararbeidet ho har lagt ned. Både frå Aust-Agder og Vest-Agder har ho fått kulturpris, og like eins frå både Bygland og Kristiansand kommune. I år 2000 fekk ho også Norges Husflidslags heider for å ha fremja husflidssaka, og i 2004 same organisasjonen si fortenestemedalje for arbeidet med å formidle husflidtradisjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2012 vart ho utnemnd til statsstipendiat, og året etter på ei stor festsamkome i grendehuset på Ose fekk ho overrekt Kongens fortenestemedalje av dåverande ordførar Leiv Rygg.

I innspurten med ny bok

Sjølv om ho har nådd alderen for å vere pensjonist, held ho no på å avslutte eit nytt bokmanus med utgangspunkt i den store samlinga ho har av sokkar.

Om boka seier Annemor Sundbø:

– Boka dreiar seg like mykje om tru, overtru, økonomi, politikk, handverk og industriutvikling og lagnaden som gjerne står bak.

Om alt går etter planen, kjem boka ut om to år.

Som nemnt er det ei svært mangesidig og variert verksemd Annemor Sundbø fyller dagane med. Ho er framleis mykje på farten og reiser på foredragsturnear både i inn- og utland. Alt dette gjer at «Ose Ullvare, vev- og strikkestove» som butikk ikkje har vanlege opningstider, men det er råd å kome innom etter avtale. Og om sommaren skjer det stadig noko på Ose. Då er det også mykje turistar i det trivelege bygningsmiljøet midt i bygda, og Annemor har butikken open med Liv Lauvsland som god ekstrahjelp.

Adresse i Kristiansand

Annemor reknar seg som «deltidsinnbyggar» i Bygland, med fast adresse i Kristiansand, men bruker langhelgene på Ose.

Dei siste tre åra under korona-pandemien har butikklokala vore vevstove. Alle foredrag, undervisning og turnear vart avlyste i ein nesten to år lang periode, fortel ho.

Det første Annemor Sundbø gjorde då ho kom til Ose i 1993, var å bygge vedfyrt bakaromn i kjellaren.

– Det var ut frå ideen om at alle er svoltne minst tre gonger om dagen, og alle er interessert i mat. Difor lanserte eg også ideen om «Matmarknaden» på Ose. Der skulle alt som kunne knytast til lokal mat, som kunst, kunsthandverk, husflid, brukt og antikk, teater, utstillingar og anna vere med, fortel ho.

Dei ti første åra hadde ho ansvar for arrangementet saman med Solveig Ose og William Viki. Dei tre utgjorde interessegruppa «Ose Mat og Kultur». I dag lever Matmarknaden vidare med yngre krefter.

Til USA i haust

– Som «deltidspensjonist» turnerer eg framleis med foredrag, undervisning og utstillingar. I slutten av oktober går turen til USA, på Norsk/Amerikansk museum i Decorah, Iowa, fortel Annemor Sundbø.

«Koftearven» er dette året omsett til engelsk av forlaget «Schiffer» i USA og kjem ut på marknaden i slutten av mai i år.

Populære brød

Bakaromnen og brøda har vore ein del av opplevinga for folk som gjestar Ose om sommaren. Det er også eit populært tilbod til reisegrupper frå inn- og utland. Under 30-årsjubileet for Ose Ullvare sundag blir det servert vedfyrt brød, setesdalssmør og gammalost.