Alle elevar og tilsette ved Evje ungdomsskule ute av karantene

Evje og Hornnes kommune meldte onsdag kveld om at 31 elevar og tilsette ved Evje ungdomsskule vart sett i avventande karantene. Nå er alle ute av karantenen, etter at prøveresultata vart klare i ettermiddag.

Smittetilfellet som gjorde at nokre elevar og tilsette ved ungdomsskulen på Evje vart sett i karantene, var registrert i ein annan kommune.

Koronatestane vart gjennomført i går, og dei negative prøveresultata kom tilbake i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er venta normal drift både ved ungdomsskulen og barneskulane på måndag.