Gamle vaktmeisteren Knut O. Homme har Bygland barnehage på besøk i advent 1993 der dei små får prøve seg på brennemerking nede i verkstaden. Håvard Åsen Haugsgjerd får hjelp av Knut, medan Jørgen Rysstad ser på. (Foto: Setesdalsmuseet)

Advent på Setesdalsmuseet

Tradisjonar er til for å haldast, og etter eit par år med coronarestriksjonar er me endeleg tilbake til normalen. Hausten 1992 var Setesdalsmuseet ferdig nok til å takast i bruk, og noko av det fyrste som stod på agendaen var å invitere dei minste til å verte med og lage til advent.

Mange av desse har nok i dag runda 40 år, og har eigne ungar som no gler seg til adventsfeiring.

Barnehagen kom for å pynte joletreet nokre dagar i førevegen, og fyrste sundag i advent vart det invitert til familieaktivitetar. Me er noko usikre på kor mykje som kom på plass i starten, men slik me minnest det inviterte Hylestad kyrkje til familiegudsteneste, så var det fakkeltog til museet der jolegrana vart tent. Museet var stappfullt, og hadde det ikkje vore for unane som sprang rundt det beina tolde både i kjellar, fyrste og andre etasje, hadde det ikkje vore sitjeplass til alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

På innsida venta Hylestad Bygdekvinnelag med pølser, kaker og brus, og borna vart inviterte med på ulike aktivitetar; mest slikt som ein kunne pynte med til jol. Nissen kom også, og kanskje var det med eit kor eller eit anna musikalsk innslag. Kunst- og handverkslaget hadde laga til joleutstilling slik at ein også kunne skaffe seg jolegåver å take med heim.

Mange opplevingar

Slik organisert adventfeiring var det ikkje så mykje av på den tid. Det ein tradisjonelt hadde å by på var tenning av jolegrana framfor kommunehuset, og musikkorpset som kom og spela nokre jolesonger i det høve. Så var det rett heim.

I dag byr advent på så mange opplevingar. Det er noko i kvar bygd, og det vert konkurranse om publikum. Folk kan velje dei vil gå på.

I år, ikkje nødvendigvis berre i høve 30-årjubileet, prøver me oss med nokre nye grep. Sundagen startar opp kl. 14 med Joleverkstad på museet. Me håper mange tykkjer det kan vere ein grei måte å gjere det på. Hylestad Bygdekvinnelag er som vanleg med og tek seg av serveringa av kaffi og kaker, pølser og brus.

«Min Sørlandsjul»

Etter kvart gjer i oss klar til tenning av jolegrana på utsida, og så er det fakkeltog sør til kyrkja der Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad inviterer til konserten «Min Sørlandsjul» med Siren Wilhelmsen m/orkester. I omtalen heiter det at «min Sørlandsjul er «en vakker og stemningsfull julekonsert som skaper glede, ettertanke og julestemning. Tonespråket har referanser til norsk salme- og folkemusikk, som gir konserten et unikt og særegent uttrykk.»

Då håper me alle ser fram til gode opplevingar i adventstida, og særskilt velkomne på museet og i kyrkja fyrste sundag i advent.

Leonhard Jansen