Evje folkebibliotek skal vere ein uavhengig og god møteplass for alle, understrekar biblioteksjef Kristine Midtbø.

Biblioteksjefen som var truckførar

Biblioteksjef Kristine Midtbø (38) kjem frå Konsmo i tidlegare Audnedal kommune.

I ungdomsåra gjekk ho på vidaregåande skule i Mandal og deretter eitt år på Jæren Folkehøgskule på Klepp. Deretter blei det treårig bibliotekskule i Oslo. Før Midtbø kom til Evje og Hornnes kommune, arbeidde ho ei tid på folkebiblioteket og statsarkivet i Kristiansand.

Interessant nok har ho også vore truckførar på Falconbridge i Kristiansand!

Artikkelen held fram under annonsen.

–Ja, det er nok den opplysninga som «sjokkerer» flest, humrar ho,

og tenker tilbake på fleire sommarsesongar i den store industribedrifta i Kristiansand.

Biblioteksjefen røper også at ho er film- og spel-entusiast, og held seg oppdatert på film- og spelutgjevingar av eigeninteresse, ein klar fordel i denne jobben.

Til våren har Midtbø vore biblioteksjef i Evje og Hornnes i 10 år.