Alt klart til julegateopning på Evje
Evje sentrum er i ferd med å bli førjulsklar. Til fredag opnar julegata og førjulstida er offisielt i gang på Evje. Før helga var handelsdamene i sving med å få den rette stemninga på plass i sentrum.
Med heilt nye lys gjekk May Klungeland, Leah Åsland og Elin Engesland frå nord til sør i Evje sentrum for å pynte opp julegata.
– Det var eit ønske om meir lys i sentrum, og det har det blitt, fortalde Elin Engesland med to juletre på slep.
Artikkelen held fram under annonsen.
Som delaktige i julekomiteen på Evje tok dei på seg oppdraget med å sette både tre og lys i stand til julegata.
– Det er skikkelege lys me har fått oss, som me nå skal setje på så alt er klart til å tenne julegata, sa May Klungeland.
Då er det einaste som manglar eit kvitt teppe av snø for å få den fine julestemninga når julegata opnar neste helg.