Anne Lande Peters med Riddarkrossen til Fortenestordenen og diplomet etter seremonien på ambassaden i Tokyo denne veka. (Foto: Norges ambassade i Tokyo)

Anne Lande Peters utnemnd til riddar

Anne Lande Peters vart utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortensteordenen. I lang tid har ho stått for viktig kulturutveksling mellom Japan og Noreg, spesielt innanfor litteratur og teater.

Ordenen vart delt ut under ei mottaking ved den norske ambassaden i Tokyo på torsdag. Det var ambassadør Inga M. W. Nyhamar som stod for den formelle overrekkinga av medalje og diplom. Rundt Anne var nære vener og kollegaer tilstades, som delte opplevinga som var prega av latter, tårer og musikk.

Anne Lande Peters har oversett litteratur både til og frå japansk, og har blant anna arbeidd med å oversetje verk av Henrik Ibsen, Jon Fosse og Tarjei Vesaas til japansk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har djupe røter både i Noreg til Lauvdal i Bygland og til Japan frå barnsbein av. Dette har lagt grunnlaget for at ho har brukt kulturforståinga og språkkunnskapen til eit breitt utval av arbeid dei siste åra.

(Foto: Norges ambassade i Tokyo)