DUGNADSGJENGEN: Frøydis Øvergård (t.v.), Vigdis Røysland, Gerlinde Streit, Ingebjørg Homme, Liv Gunnvor Syvertsen og Siri Aamlid har saman med Åsulv Vegusdal og Odd Bergmann gjort ein stor innsats for uteområda rundt den gamle stasjonen på Byglandsfjord. –Det er jo ei perle me må ta vare på, seier Gerlinde Streit. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

– Det er ei perle me må ta vare på

Over 30 hengarlass med kvistar, rusk og rask har dei fjerna frå stasjonsområdet på Byglandsfjord, og det er ikkje få timar dei har brukt på utearbeid til felleskapets beste. –Me vil gjerne gjere det til ein fin plass for alle, seier dugnadsgjengen.

Både før og etter bokkaféen om tysdagane har ein gjeng byglandsfjordingar tatt både rake, rive og spade fatt for å gjere stasjonsområdet i bygda ryddig og fint.

–Me har rydda utanfor bygningane, plukka kvistar og stelt opp, seier Frøydis Øvergård som er ein av dugnadsarbeidarane.

Ho fortel om eit godt samarbeid med kommunen, som står for kostnadane med opprusting av området.

–Me har blitt møtt med utruleg mykje velvilje frå teknisk og Kjell Øyvind Berg, seier Øvergård.

Nye benkar

Alt arbeidet som blir gjort med handmakt, er det dei seks damene og Åsulv Vegusdal og Odd Bergmann som har stått for. Alt på dugnad for å gjere nærmiljøet trivelegare for alle. Dei har rydda, brukt motorsag og køyrt bort hengarlass på hengarlass med kvistar, greiner, rusk og anna frå området.

–I haust var det tjue hengarlass, og i år må det vel vere i alle fall ti, seier Øvergård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste veke kjem nye benkar på plass, og det blir utplanting av roser og stauder. Gunnar Gautland har kome med grus og jord, så då står dugnadsgjengen igjen klare for innsats og siste finpuss før sommaren.

Ingebjørg Homme fortel at sjølv om det er mykje arbeid, så er det også sosialt og eit godt samhald i dugnadsgjengen.

–Eg opplever ein fantastisk entusiasme for å bevare Byglandsfjord som ein fin stad, sa Gro Lande på bokkaféen på Byglandsfjord. Der vart dugnadsgjengen denne veka takka for innsatsen så langt som mange nå nyt godt av. Området rundt stasjonsbygningane på Byglandsfjord vitnar om at det er liv i bygda.

–Det er jo ei perle me må ta vare på, sa Gerlinde Streit.