Spisekroken på Evje tilbyr eit rikt utval glutenfrie bakevarer, både som ferskvarer og på frys. Før jul investerte dei over 350.000 kr i ny bakstebu og smultringmaskin for å produsere meir glutenfrie bakevarer. Godt glutenfritt tilbod og god service gjer at Norsk cøliakiforening heidrar bedrifta som ”Årets glutenfrie konditori 2020”. Frå venstre: Dagleg leiar Heidi Ose-Madsen og Linda Ose.

Årets glutenfrie konditori!

Spisekroken på Evje vart før helga tildelt den nasjonale prisen ”Årets glutenfrie konditori 2020” av Norsk cøliakiforening. –En stor honnør til Spisekroken for deres satsing på lekre, glutenfrie bakevarer, og for deres ønske om å glede alle kunder, heiter det i grunngjevinga.

–Det å vinne denne prisen er rett og slett heilt rått. Dette gir oss ein skikkelig boost og motivasjon til å skape og utvikle nye glutenfrie produkt, seier dagleg leiar Heidi Ose-Madsen.

Nyleg investerte Spisekroken i nytt utstyr som gjer at produksjon og tilbod innanfor glutenfri mat kan auke ytterlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Glutenfritt og eigenprodusert

–Det er skikkelig moro når ein ser gleda hos kunden når me fortel om alle de ulike produkta me har, og at me med glede skal lage mat og bakevarer som er glutenfrie. Me utviklar stadig nye glutenfrie oppskrifter, og innan kort tid vil me ha eigenproduserte boller, pizzaboller og hardangerlefser, uttaler prisvinnar Heidi Ose-Madsen.

Årets glutenfrie bedrifter er delte inn i tre kategoriar, der Spisekroken på Evje kapra den eine: Årets glutenfrie konditori. Dette i knallhard konkurranse med andre konditori på landsbasis.

–Spisekroken Evje tildeles prisen for Årets glutenfrie konditori for deres gode, glutenfrie tilbud og det store engasjementet de utviser på det glutenfrie området, skriv Norsk cøliakiforening (NCF).

Stimulere til betre glutenfritt tilbod

NCF har sidan 2012 delt ut prisar til bedrifter som markerer seg innanfor produksjon, levering og servering av gode glutenfrie produkt. Dette for å stimulere til eit godt glutenfritt tilbod både i serveringsbransjen, i konditori og innanfor matproduksjon.

Elda Bakeri i Sandnes og Nua Brygghus i Mandal vart premierte som Årets glutenfrie produsentar, medan Fugl Fønix i Ørsta vann prisen for Årets glutenfrie serveringsstad.

Les også
Spisekroken med meir glutenfri bakst!