På 17. mai ser me mange smørblide fjes, som desse karane som feira nasjonaldagen på Hornnes i fjor. Tar du eit fint bilete på 17. mai, vil me gjerne at lesarane våre skal få sjå det. Hugs å skrive kven som er på biletet, kor det er tatt og kven som er fotograf. Ha ein fin nasjonaldag!

Årets store festdag nærmar seg...

...og Setesdølen vil gjerne sjå dine glimt frå dagen!

Nasjonaldagen er alt neste veke. I dagens avis står eit rikhaldig 17. mai-program frå både Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral. Det tyder på at det ikkje berre er bornas dag, men ein dag der heile familien samlar seg om underhaldning, konkurransar, tradisjonsrike talar og uformell røe med sambygdingar.

17. mai-toget på Byglandsfjord i fjor. I år skal heile kommunen feire nasjonaldagen på Bygland.

Tar du eit fint bilete på festdagen, vil me gjerne dele det vidare med alle våre lesarar. Send det til Setesdølen på Messenger, på melding til tlf 41185583 eller på e-post til sigrid@setesdolen.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hugs å få med namn på personane (og dyra? Eller bilen?) på biletet, kor det er frå og kven som er fotograf.

Blant alle som sender inn bilete trekk me ein vinnar av eit års digitalt abonnement på Setesdølen (verdi 1260,-).

Festkledde i 17. mai-toget på Hornnes i fjor på veg frå Hornnes kyrkje til programmet i Otrahallen.