Åse Rike steller til jolemesse for 40. gong til helga. Ho er den einaste att som har vore med heilt sidan starten.

Åse Rike har vore med sidan starten: Jolemesse i 40 år

Normisjon si jolemesse i Valle har tradisjon tilbake til 1982. Åse Rike har vore med heilt sidan starten, og er klar som arrangør av si 40. messe til helga på Sæbyggjen.

– Foreininga vart stifta i januar 1982, og fyrste jolemessa var andre adventshelga same året. Den gongen var me ti personar som stelte i stand messa, fortel Åse Rike.

Fleire har gått bort, og ho er den einaste som har vore med alle gongene sidan starten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har variert kor mange som har vore med. Men nå er me fem i ein eigen jolemessekomité, seier Rike.

I komitéen er også Rønnaug Torvik frå Bykle, Bente Bjørgum frå Rysstad, og Lisbeth Hurthi Homme og Liv Åkre Trydal frå Valle. Rike ventar at det også i år blir god oppslutning om arrangementet.

– Det pleier alltid å bli fullt, seier ho.

Flotte gevinstar

Hovudgevinstane er dalebukse og stakkar til 4-7 år, men det er også flotte gevinstar som grill, strikka slumreteppe, knivsett og dyner og puter. Bøkene til hovudlotteriet har ligge ute ei stund, men det blir i tillegg vanleg åresal og basar på Sæbyggjen. God servering lovar ho også.

– Det blir matsal med suppe og eplekaker, og kaker og kaffi. Så blir det andakt og familiemøte fortel Rike og legg til:

– Folk kan kome og gå heile dagen som dei vil.

Hovudgevinstane på jolemessa i Sæbyggjen til laurdag er dalebukse og stakkar til alderen 4-7 år sauma av Kari Bjørgum. Det er også mange andre flotte premiar på den tradisjonsrike basaren til Normisjon.