Avlyste arangement

Faren for koronasmitte og stadig strengare restriksjonar på store samlingar av folk har ført til ei rekke avlysingar av arrangement også her i distriktet i dagane framover.

Den store gospelkonserten som var planlagd i Evje kyrkje med dei framståande songarane og musikarane Angela Primm og Elsa Harris saman med Evje og Hornnes menighetskor onsdag 18. mars blir det ikkje noko av denne gongen.

Også Evjemoen Kino og Scene si framsyning søndag 15. mars med barnefilmane «Fremad» og «Torden» på programmet er avlyst. Det er også Norsk Luthersk Misjonssamband sitt møte søndag 15. mars kl. 19.30 på Tryggheim bedehus på Evje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kyrkjelydens årsmøte i Fjellgardane kyrkje på Hovden sundag blir det heller ikkje noko av. Også årsmøtet i Bygland skogeigarlag på Ose i kveld er avlyst.